BTI- modellen (Betre tverrfagleg innsats)
Betre tverrfagleg innsats - BTI - er ein samhandlingsmodell som skildrar den samanhengande innsatsen i og mellom tenstene retta mot barn, unge og familiar som ein er uroa for. I modelllen ligg det handlingsrettleiarar og verktøy for tidleg identifisering og samhandling.
BTI-modellen har tre hovudmål:
- Tidleg innsats
- Samordna tenester utan oppfølgingsbrot
- Tidleg foreldreinvolvering

I BTI brukar vi omgrepet "stafetthaldar". Den svarte brikka i puslepelet symboliserer stafetthaldaren. Dette er den tenesteytaren som identifiserer uro kring eit barn, ein ungdom eller familie. Denne er ansvarleg for å dokumentere sine observasjonar, involvere foreldre, og tilby tiltak tilpassa den einskilde familien sin situasjon.
Stafetthaldar skal "halde i stafettpinnen", dvs. sikre oppfølging i saka til den overlet "stafettpinnen" (koordineringsansvaret) til ein annan namngjeven person
Publisert 16.05.2023 11.30