Rettleiing til bekymring-/undringssamtale - for medarbeidarar som arbeider med barn

Samtale med foreldre om bekymring for eit barn

Den nødvendige samtalen er ein planlagt og godt førebudd samtale mellom den profesjonelle og føresette. Om det er tenleg skal barnet vere med. Samtalen tek utgangspunkt i ei uro for barnet/ungdommen, og/eller ein observasjon som du som fagperson har gjort.

Mål: dele uroa for barnet med føresette, for å starte eit samarbeid med heimen.

Avklare om det er behov for hjelpetiltak rundt barnet/ ungdomen. 

Sjå også rettleiiaren “Frå bekymring til handling” (IS-1742) - www.tidligintervensjon.no