Send ein bekymringsmelding

Er du bekymra for eit barn, ungdom eller ei familie?

Vilkåra for å melde bekymring til barnevernstenesta utan samtykke er strenge. Hovudregelen er at ein skal ta opp bekymringane med foreldra før meldinga vert sendt.  Ein skal informere foreldra om at bekymringsmeldinga vert sendt til barnenvernet.  NB! Unntak i saker der det er mistanke om vald og seksuelle overgrep.

Bekymringsmelding frå privatperson

Send inn melding digitalt, med sikker innlogging

Alternativt kan du  laste ned skjema til manuell utfylling og sende til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane

Bekymringsmelding frå offentlig tilsette

Send inn melding digitalt, med sikker innlogging

Offentlig tilsette, fagpersonar med yrkesmessig taushetsplikt har plikt til  å melde i frå til barnevernet om alvorleg omsorgssvikt. 

Treng du hjelp til å melde frå?

Dersom du er i tvil om vilkåra for å sende bekymring er innfridde, kan du drøfte saka anonymt med barnevernstenesta. Du kan og be om å få drøfte saka direkte med barnevernet ved å kontakte barnevernet og lage avtale med ansvarleg for mottak av meldingar. 

Du kan kontakte barnevernet i Gloppen ved å ringe kommunen sitt servicetorg på tlf 57 88 38 00. Dei vil setje deg over til barneverntenesta.

Kontaktinformasjon Barnevernstenesta i Gloppen

Kva skjer etter melding er sendt inn?

Meldingar blir vurdert innan ei veke. Akutte saker vert avgjort straks. Barnevernet vil enten starte undersøking eller legge bort meldinga om det ikkje er grunnlag for vidare undersøking.