Kven kan få tenester frå barnevernet?
Barneverntenesta skal hjelpe barn og unge som er i ein vanskelig livssituasjon i alderen 0-18 år og deira familier som bur og oppheld seg i kommunen. Dersom den unge samtykker, kan tiltak som er iverksett før fylte 18 år, oppretthaldast eller erstattast av andre tiltak inntil fylte 25 år.
Bekymringsmelding
Gå til informasjon om innsending av melding til barnevernet.
Undersøking
Ei undersøking etter barnevernlova kan føre til at saka vert avslutta utan tiltak, at det vert sett i verk hjelpetiltak eller at det vert fremja sak for fylkesnemnda om tvangstiltak. Dersom barnevernstenesta fremjar sak for fylkesnemnda, vil partane i saka ha krav på fri rettshjelp.
Hjelpetiltak
Barneverntenesta vurderar kva tiltak som er aktuelt å tilby familiar. Barneverntenesta er pliktig å fylgje opp og evaluere alle tiltak. Alle saker skal ha ein tiltaksplan.
Sjå retningslinjer om hjelpetiltak
- Hjelpetiltak, sjå, informasjon frå Bufdir
- Fylkesnemndene
Søknad
Det er ikkje krav til skriftleg søknad. Ta kontakt på telefon eller e-post. Familiar eller barn/unge kan sjølv søke om tiltak. Kontaktinformasjon finn du nederst i artikkelen
Fosterheim
Sjå informasjon frå fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane
Barnevernsvakt
Akuttberedskap etter kontortid
Kontaktinformasjon
Slik kjem du i kontakt med oss