Tverrfaglig samhandling - barn, unge og familiar - på individnivå

Her følgjer ei oversikt over ulike samhandlingsarenaer på individnivå. Oversikta skal vere til hjelp for tilsette, samt føresette og ungdomen sjølv, til å sjå kvar det er muleg å få drøfta problemstillingar kring barn og unge ein er uroa for. Terskelen for samhandling skal vere låg, og informerte samtykke frå føresette skal alltid ligge til grunn for drøftinga.

Når ungdomen er over 16 år, skal vedkomande sjølv også samtykke til samhandling. 

Samarbeidsmøte i einskildsaker

Eit samarbeidsmøte kring eit barn er eit møte for å drøfte utfordringar eller uro knytt til barnet si utvikling og helse, der ein treng at fleire tenester deltek med sin kompetanse. Alle samarbeidsmøte om einskildbarn i Gloppen kommune gjennomførast etter BTI-modellen.

Stafetthaldar (dvs. den som har identifisert utfordringa) kallar inn til møte etter avtale med føresette. I dei aller fleste tilfelle vil det vere naturleg at føresette, og eventuelt ungdommen sjølv, deltek på møtet. Unntaksvis har samarbeidspartane møte utan at føresette deltek. Då skal dette avtalast med dei det gjeld på førehand. Føremålet med eit slikt fagmøte vil vere å avklare kva tenester som skal inn i samarbeidet og avklare ansvarsforhold.

Også vaksentenestene, dvs. fastlege, NAV, heimetenesta, fysio- og ergoterapitenesta, psykisk helseteneste og psykisk helsevern kan vere aktuelle samarbeidspartar der foreldra sin livssituasjon påverkar oppvekstvilkåra til barnet. Desse tenestene kan også på si side, med føresette sitt samtykke, ta initiativ til møte med tenester som har ansvar for barnet sin kvardag. 

Det skal førast stafettlogg (referat etter eigen mal) i alle samarbeidsmøte. 

Ansvarsgruppemøte

For barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, kan har rett til koordinator og individuell plan (IP), jf. helse- og omsorgstenestelova §§ 7-1 og 7-2a. For barn med individuell plan blir det oppretta ei ansvarsgruppe. Koordinator erstattar stafetthaldar. Referat frå ansvarsgruppemøte blir ført i Visma Flyt Samspill.

Spørsmål om koordinator, IP og oppretting av ansvarsgruppe kan rettast til koordinerande eining, som er samansett av kommunalsjefane for oppvekst og helse- og velferd, eller til sakshandsamar Ane Merete Austrheim, tlf. 99 09 94 95.

Eiga rutine er under arbeid.

Overføringsmøte mellom barnehage og skule 

Målet med overføringsmøtet er å få ein best muleg overgang for barn som treng ekstra oppfølging. I møtet deltek føresette, barnehage, skule og aktuelle samarbeidsinstansar. 

Innsatsteam psykososialt barnehage- og skulemiljø 

Dette er eit kommunalt team som kan koplast inn dersom det ikkje let seg gjere å løyse problemstillingar knytt til psykososialt barnehagemiljø (jf. bhg.l. kap. VIII) eller elevane sitt skulemiljø (jf. oppl.l. kap. 9 A) i den aktuelle eininga.

Pr. juni 2023 er teamet samansett slik:

  • Helsestasjons- og skulehelsetenesta v/ Kristin Kandal Ramslien, tlf 97 99 10 75 
  • PPT v/ Margit Devik, tlf  97 99 10 79 
  • Psykisk helseteneste v/ Synnøve Grov, tlf 97 70 68 75 

Rutinar for teamet er under arbeid.

Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengst i ein krisesituasjon og sikre at dei som hendinga har råka får nødvendig oppfølging. Temaet skal vere ein ressurs som gjev hjelp til einskilpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon. Teamet er tverrfagleg samansett.

Leiar for teamet pr. juni 2023 er Synnøve Grov, tlf. 97 70 68 75  

Vedtaksnemnda 

Vedtaksnemnda gjer vedtak om tildeling av helse- og omsorgstenester, t.d. støttekontakt, avlasting, omsorgsløn og heimetenester, som det er søkt om. Nemnda har møte kvar veke.

Kvar sak er på førehand utgreidd av sakshandsamar i helse og velferd. 

Samarbeidsmøte med psykisk helsevern for barn og unge (BUP)  

Møte for drøfting av individsaker mellom barne- og hjelpetenestene i kommunen og BUP Nordfjord. Møte på Familiehuset 3 gonger kvart halvår etter oppsett plan. Barnehage, skule og avdelingane i Familiehuset kan melde inn saker.  

Konsultasjonsteam for sped- og småbarn i risiko 

Konsultasjonsteamet er eit tilbod som Helse Førde ved BUP og Bufetat samarbeider om. Tilbodet gjeld for aldersgruppa 0-6 år, og er eit lågterskeltilbod der fagpersonar og etatar i kommunen, som arbeider med gravide, småbarnsforeldre og barn, kan få rådgjeving frå eit team med brei kompetanse. Saker kan drøftast anonymt, eller med namn, dersom føresette har samtykka til dette.  For spørsmål til teamet, ta kontakt med BUP Førde, tlf. 57 83 90 00.

Døme på saker:
Der ein er usikker på korleis ein best kan hjelpe den gravide/paret.

Der ein er uroa for barn si utvikling, samspel og/eller omsorgssituasjonen.

Der ein er usikker på eigne observasjonar og vurderingar, rolle og ansvar, val av framgangsmåte og tiltak, og kva andre etatar som kan bistå.

Problemstillingane kan vere av psykologisk, sosial, juridisk og praktisk art.

Teamet har fast møteplan for kvart halvår. Ein melder inn saker skriftleg.