Rutinar for stafetthaldar (BTI)

Ein føresetnad for at vi kan bruke BTI-modellen, er at medarbeidarane i kommunen har kompetanse. Vi snakkar då om to typar kompetanse:

- Kompetanse til å forstå og bruke samarbeidsstrukturane i BTI-modellen.

- Kompetanse til å utføre oppgåvene som ligg innanfor dei ulike prosessane i modellen. Dette inneber at vi må ha evne til å oppdage barn/unge/familiar som gir oss ei bekymring, til å samtale med barn/unge og føresette, og vere i stand til å gjere oss nytte av hjelpetiltak og andre hjelpetenester der dette er nødvendig.

Stafetthaldar – rolla

Nivåa og tenestene i grunnmodellen BTI blir bundne saman gjennom ein samarbeidsstruktur som er basert på at ein aktør, stafetthaldaren, har ansvar for å koordinere den tverrfaglege samhandlinga og dokumentere arbeidet.

Når undring omkring barnet/eleven sin situasjon viser at det er grunn til uro, og det er behov for å setje i verk tiltak for å betre barnet sin situasjon, må det avgjerast kven som skal vere stafetthaldar.

På nivå 1 og 2 er stafetthaldar den som er nærast barnet/eleven, dvs. barnehagelærar/ pedagogisk leiar eller kontaktlærar. Unntaksvis kan det vere styrar/rektor. Det kan  også vere helsesjukepleiar.

Det skal alltid vere tydeleg kven som er stafetthaldar. Stafetthaldar beheld «stafettpinnen» til den er motteken og akseptert av ein ny stafetthaldar. Stafettpinnen er eit bilete på informasjons- og tiltaksflyten som held fram utan oppfølgingsbrot.

Når ei eller fleire hjelpetenester blir kopla på (nivå 3 i BTI-modellen), vurderer ein om stafetthaldaren skal gje «stafettpinnen» vidare til ein annan.

Dette skal takast med i vurderinga av kven som skal vere stafetthaldar:

  • Barnet/ungdommen/ familien sitt ønske
  • Tiltaka sitt omfang og karakter
  • Forventa koordineringsbehov og deltakarane sin stillingstype

Oppgåver for stafetthaldar

  • Inviterer til samarbeidsmøte, står for dagsorden og møteleiing
  • Skriv stafettlogg og sender kopi til føresette og samarbeidspartar
  • Følgjer med på at tidsfristar blir haldne og at tiltak blir evaluert
  • Involverer andre tenester etter behov og koordinerer det tverrfaglege arbeidet
  • Involverer barn/unge og føresette i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak
  • Sikrar at ein vaksen snakkar med barnet/ungdommen mellom møta og fangar opp korleis det går
  • Held kontakt med familien og tenestene som er involvert i nettverket rundt

Stafettlogg

  • Tilsette i kommunale barnehagar og i grunnskulen brukar malen for stafettlogg som ligg i Vigilo.
  • Tilsette som brukar fagsystemet  Profil , finn mal for stafettlogg der.
  • Tilsette ved helsestasjons- og skulehelsetenesta brukar mal i InfoDoc.
  • Tilsette i PPT brukar mal i HK Oppvekst.
  • Tilsette i barnevernstenesthar brukar mal i Familia.
  • Det ligg også ein mal tilgjengeleg i Compilo.

Overgang frå BTI og stafettlogg til koordinator og IP

Dersom det etter kvart viser seg at eit barn/ein ungdom treng langvarige koordinerte tenester, tek stafetthaldar kontakt med koordinerande eining for oppnemning av personleg koordinator og vurdering av behovet for individuell plan. Samarbeidet vidare blir då organisert som ansvarsgruppe.