Hjelpespørsmål - kartlegging av barn som pårørande

Hjelpespørsmål for kartlegging når føresette vert ramma av alvorleg sjukdom, rus eller anna vanskeleg livssituasjon, med tanke på barn som pårørande.

  • Sivil stand 
  • Den andre føresette sitt namn 
  • Barn, alder, adresse 
  • Foreldreansvar / samværsordning 
  • Andre viktige vaksne kring barnet / ungdomen 
  • Informasjon til barnet / ungdomen om den føresette sin situasjon / sjukdom? Korleis? 
  • Korleis påverkar din tilstand / sjukdomen kvardagslivet og tilhøvet til borna? 
  • Tiltak i heimen? 
  • Kvar er barnet på dagtid? Skule / barnehage. Korleis fungerer barnet / ungdomen der? 
  • Informasjon til barnehage/ skule/ hjelpeapparatet? Korleis? 
  • Tiltak i barnehage / i skule / frå hjelpeapparatet?

 

Ved evt forverring av tilstanden: 

  • Kven tek seg av born? 
  • Kven bør få informasjon? 
  • Anna som er viktig?

 

Om føresette samtykkjer til oppfølging av barnet/ungdomen, kontakt barneansvarleg: Hilde Nødset, leiar for Familiehuset, Gloppen.