Leiarmøte kommuneområde oppvekst
Leia av kommunalsjef oppvekst.
Deltakarar: styrarar i kommunale barnehagar, rektorar i grunnskule, rektor Gloppen opplæringssenter, rektor Gloppen kulturskule, tenesteleiar Familiehuset. Avdelingsleiarane for helsestasjons- og skulehelsetenesta, barnevern, fysio- og ergoterapitenesta og psykisk helseteneste deltek nokre gonger årleg etter innkalling.
Tema: utvikling, samarbeid og planarbeid i oppvekstsektoren.
Leiarmøte kommuneområde helse og velferd
Leia av kommunalsjef helse og velferd
Deltakarar: tensteleiarar og avdelingsleiarar i miljøarbeidartenesta, heimetenesta, omsorgsenteret og legetenesta, sakshandsamarar helse og velferd.
Tema: utvikling, samarbeid og planarbeid i helse og velferd.
Styrarmøte
Leia av kommunalsjef oppvekst.
Deltakarar: styrarar i kommunale og private barnehagar.
Tema: utvikling, samarbeide og planarbeid for barnehagane.
Rektormøte
Leia av kommunalsjef oppvekst.
Deltakarar: rektorar i grunnskulen, rektor Gloppen opplæringssenter, rektor Gloppen kulturskule. Tenesteleiar Familiehuset, avdelingsleiar PPT og avdelingsleiar helsestasjons- og skulehelsetenesta deltek etter innkalling.
Leiarmøte Familiehuset
Leia av tenesteleiar Familiehuset
Deltakarar: avdelingsleiarane for barnevern, psykisk helseteneste, fysio- og ergoterapitenesta, helsestasjons- og skuleheletenesta og PPT.
Tema: fagleg utvikling, planarbeid, samarbeid og samordning av tenester.
Drøftingsmøte barnehage - PPT
Leia av styrar i aktuell barnehage.
Deltakarar: styrar, assisterande styrar, PPT sin kontaktperson i PPT. Pedagogisk leiar kan delta når styrar bestemmer det.
Tema: samarbeid og utviklingsarbeid på systemnivå. Møtet blir vanlegvis kombinert med eit møte der ein gjennomgår aktive individsaker i barneahgen og drøfting av saker barnehagen vurderer å tilvise.
Merknad: Barnehagen kan også ta kontakt med sin kontaktperson for drøfting av saker dei vil tilvise utanom desse møta. Saker bør alltid drøftast før tilvising.
Frekvens: Tre gonger årleg i dei to største kommunale barnehagane, to gonger årleg i øvrige barnehagar.
Drøftingsmøte skule - PPT
Leia av rektor ved aktuell skule.
Deltakarar: rektor, spes.ped. koordinator, skulen sin kontaktperson i PPT
Tema: samarbeid og utviklingsarbeid på systemmnivå. Møtet blir vanslegvis kombinert med eit møte der ein gjennomgår aktive individsaker og drøfter saker som skulen vurderer å tilvise.
Merknad: Skulen kan også ta kontakt med sin kontaktperson for drøfting av saker dei vil tilvise utanom desse møta. Saker bør alltid drøftast før tilvising.
Frekvens: tre gonger årleg etter oppsett plan
Kontaktperson i PPT avtaler møteplan med rektor
Arbeidsgruppe BTI
Pr. juni 2023 er gruppa slik samansett:
Else Lundstad Bakkelid, syrar Mona barnehage
Linn Kristin Øren, rektor Sandane skule
Henny Klakegg Børset, avdelingsleiar helsestasjons- og skulehelsetenesta
Gerd Ynnesdal, avdelingsleiar barnevernstenesta
Hilde Nødset, tenesteleiar Familiehuset, leiar i gruppa