Kulturprisen i Gloppen

Gloppen kommune har sidan 1991 delt ut ein kulturpris til folk som høyrer heime i kommunen. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar med tilknytning til Gloppen kommune.

Kulturprisens hovudformål er å løfte fram eit rikt kulturliv i Gloppen gjennom å takke for varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i kommunen og heidre talentfulle utøvarar med tilknytning til Gloppen. Prisen skal dessutan vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. Sjå retningslinjer. 

Prisen har to målgrupper:

  • Eldsjeler som har lagt ned ein varig ueigennyttig innsats for kulturlivet i Gloppen
  • Utøvarar med eit dokumentert talent og tilknytting til kommunen

Kultur inkulderer alle typar kunstutrykk, samt litteratur, kulturvern og idrett.

Forslag til kandidatar

Alle som ønskjer står fritt til å nominere kandidatar, men ein kan ikkje nominere seg sjølv. Forslaga skal gjerast skriftleg, og innehalde ei grunngjeving. 

Nominer din kandidat her

Det er Teknisk, miljø- og kulturutvalet som avgjer kven som får prisen. Utdelinga skjer vanlegvis på siste kommunestyremøtet før jul. 

Vi har også eigen kulturpris for ungdom i Gloppen 

Desse har tidlegare fått Gloppen kommune sin kulturpris:

År Tildelt
2022 Eli Liv Aa og Ester Løvland
2021 Gloppen Sogelag
2020 Svein Hjellbakk
2019 Ola Nyhagen
2018 Atle Nygård
2017 Hanne Bergljot Oftedal
2016 Remi Tystad
2015 Arne Søholt
2014 Dag Fosstvedt
2013 Ingemar Sårheim
2012 Gloppen Janitsjar
2011 John Oddvar Kandal og Elin Grytting
2010 Sverre Folkestad
2009 Dagfinn Nyhammer
2008 Sigrid Terese Moldestad
2007 Odd-Bjørn Hjelmeset
2006 Hilde-Gunn og Ola Tormod Ommedal
2005 Kari og Nils Jordanger
2004 Svein Petter Tveit
2003 Per Sandal og Gunnar M. Tystad
2002 Kristen Moen
2001 Anders Rinde
2000 Kjell Råd
1999 Ragna Halvorsen og Oddlaug Vereide
1998 Irene og Dag Moen
1997 Kristen Arnestad
1996 Ove Eide
1995 Petter Eide
1994 Eivind Indrebø
1993 Einar Rygg og Ragnar Rygg
1992 Gloppen Jentekor og Ellen Johanne Mjelva
1991 Synneva Løken