Retningslinjer for kulturprisen

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 13. februar 2020

Sak: 9/20

Frå same dato er retningslinjer for kulturprisen, vedtekne av kulturutvalet 8. oktober 1991 oppheva.

Om prisen

1. Gloppen kommune deler ut «Gloppen kulturpris» kvart år, så framt vi har kvalifiserte kandidatar.

2. I høve denne prisen inkluderer kultur alle typar kunstuttrykk, samt litteratur, kulturvern og idrett. Dokumentasjon av talent er lik oppnådde resultat gjennom ei karriere, kort eller lang.

Formål og målgrupper

3. Kulturprisens hovudformål er å løfte fram eit rikt kulturliv i Gloppen gjennom å takke for varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i kommunen og heidre talentfulle utøvarar med tilknytning til Gloppen. Prisen skal dessutan vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre.

4. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar med tilknytning til Gloppen kommune. Prisen har to målgrupper:
- eldsjeler som har lagt ned ein varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i Gloppen
- utøvarar med eit dokumentert talent og tilknytning til kommunen.

Kunngjering og tildeling

5. Kulturprisen vert kunngjort årleg med ein høveleg frist for å nominere kandidatar. Alle som ønskjer står fritt til å nominere kandidatar, men ein kan ikkje nominere seg sjølv. Forslaga skal gjerast skriftleg, og innehalde ei grunngjeving. Samfunnsutvalet *) er ikkje bunde av innkomne forslag.

6. Samfunnsutvalet *) administrerer prisen, avgjer om han skal delast ut, til kven og kvifor, og storleiken på pengegåva. I tilfelle der det er fleire prisvinnarar, bestemmer utvalet fordelinga av pengegåva mellom vinnarane.

7. Føreslegne kandidatar skal ikkje offentleggjerast.

8. Vinnaren av kulturprisen vert offentleggjort, får tildelt diplom eller tilsvarande, og ei pengegåve.

 

*) Tidlegare: Teknisk- miljø og kulturutvalet