Kulturprisen 2019 til Ola Nyhagen

Ein verdig mottakar av årets kulturpris for Gloppen kommune fekk i dag heder og ære under kommunestyremøtet. Ein mann som har vore ein aktiv deltakar i kultur-  og idrettsmiljøet i Gloppen heilt sidan 1950-åra

Vi gratulerer Ola Nyhagen med velfortjent pris!

Prisen vart delt ut av leiaren i Teknisk-, miljø og kulturutvalet Olav Klungre.

Ola Nyhagen har lang fartstid i kulturlivet i Gloppen, og begrunninga vart derfor tilsvarande lang.

Begrunning for kulturprisen 2019

Æredsmedlem i STIL

Ola Nyhagen er æresmedlem i Sandane turn- og idrettslag. På 1950-talet var han aktiv fotballspelar, og fekk spelarmerket i bronse for 61 kampar på laget. Nyhagen var med i STIL si veteran-tropp i turn, både i veteran menn og veteran mix. Begge gruppene var gode ambassadørar for STIL og Gloppen, både regionalt og på landsturnstemne. Som veteran-turnar deltok Nyhagen under «Verdens Gymnaestradaen» i Berlin i 1995.
I STIL har Ola Nyhagen ikkje berre vore ein aktiv idrettsutøvar, men også ein særs viktig tradisjonsforvaltar. Han samla inn og bygde opp eit omfattande lagsarkiv, med protokollar, årsmeldingar etc. Dette arkivet var heilt avgjerande for at det vart mogeleg å skrive lagssoga for STIL i 2002. Han var også ei drivande kraft då medlemsbladet for STIL vart tatt oppatt tidleg på 1970-talet, etter å ha lege nede sidan 1941. Og han var med i gruppa som laga den populære «STIL-kalenderen» frå slutten av 1980-åra, fram til 2009. Mellom desse finn vi «Fredskalenderen» frå 1995, med fotografi frå krigsåra.

Lokalhistorie

Ola Nyhagen har vore spesielt interessert i lokalhistorie. Han var ein av initiativtakarane til skipinga av Gloppen Sogelag i 1998, og har vore medlem av redaksjonen i sogelaget sitt lokalhistoriske årsskrift Ljøren sidan starten i 1999. - Han er ,etter 20 år, framleis ein sentral person i redaksjonen. Fylkesbiblioteket sin database for «Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane» viser at Ola Nyhagen har vore forfattar eller medforfattar til 46 artiklar i Ljøren.
I tillegg til artiklane i Ljøren, har Ola Nyhagen vore medforfattar på jubileumsbøker for Sandane ungdomslag og STIL, i samband med hundreårsjubileuma deira, og han har i årevis vore medredaktør for spalta «Før i verda» i Firda Tidend. 

Bildearkiv

Ola Nyhagen har ei stor privat samling med fotografi og postkort. Denne samlinga har vore ei uvurderleg kjelde for mange som har arbeidt med den lokale historia – og Nyhagen har delt både bilde og kunnskapar med dei mange som har tatt kontakt. Bilde frå denne samlinga har han også delt i populære foto-kåseri, som har gjeve tilhøyrarane fine opplevingar – og kunnskap om tidlegare tider i Gloppen. I regi av Gloppen Sogelag har han delteke i fleire sentrumsvandringar med orientering om det gamle Sandane sentrum. Han var også medlem i sogelaget si arbeidsgruppe «Særprega hus på Sandane», som har fått laga skilt med informasjon om 14 eldre hus i Sandane sentrum.

Viktig kjelde og rettleiar

I arbeidet med kommunen sin kulturminneplan (ferdig 2019) var Nyhagen ei verdfull kjelde og ein god rettleiar. Den same rolla har han hatt i fleire bokprosjekt, som t.d. Ivar Andenæs Gloppen og glopparane (2019), Ove Eide: Laks, lordar og lokalmat. Sivertsens og Gloppen hotell gjennom 150 år (2016) og Jon Tvinnereim m.fl. Nordfjordboka (2016).

Verdig vinnar

Med si store bildesamling og sine omfattande kunnskapar om Sandane og Gloppen si fortid, er Ola Nyhagen som ein eigen institusjon å rekne. Mange er dei som har tatt kontakt med Ola Nyhagen og fått framifrå hjelp i arbeidet med lokalhistoriske spørsmål. Og han er ein som deler raust med andre, både fotografi og kunnskapar. Ola Nyhagen er påliteleg i alt han tek seg til, nøyaktig og presis. Han er ikkje av dei som søkjer merksemd i media og forsamlingar, men det er få som har hatt så stor betydning for å sikre kunnskapar om fortida vår som han.

Det er ei ære å tildele kulturprisen for 2019 til Ola Nyhagen