Kulturprisen 2022 hyllar kulturberarar for Nordfjordbunaden!

Eli Liv Aa frå Hyen og Ester Løvland frå Kandal fekk kulturprisen for 2022! Dei har begge lagt ned ein imponerande innsats for Nordfjordbunaden, og er flotte kulturberarar for å føre kunnskap og handverk om bunadstradisjon vidare. 

Frå venstre: leiar av TMK utvalet Olav Klungre, Ester Løvland, Eli Liv Aa og ordførar Leidulf Gloppestad Birte Fossheim

Teknisk, miljø og kulturutvalet (TMK) fekk inn åtte nominasjonar til kulturprisen for 2022. To av desse handla om kulturarv og det å bere vidare tradisjonar og handverk som er viktig for Nordfjord. For utvalet var det vanskeleg å velje mellom dei to kandidatane som var nominert for å føre bunadstradisjonen i Nordfjord vidare. Så i år blei difor kulturprisen delt på to prisvinnarar som er eit førebilde i å vidareføre og ta vare på bunadstradisjonar i Nordfjord.

TMK ønskjer at prisen skal vere med å løfte fram og anerkjenne det viktige arbeidet desse personane har lagt ned. Samtidig som det kan bidra til rekruttering for å vidareføre kulturarven knytt til Nordfjordbunad. 

Og her er dei gode grunngjevingane som er sendt inn for kvifor akkurat desse to skal få kulturprisen dette året:

Eli Liv Aa

Eli Liv Aa frå Hyen har ein imponerande produksjon av Nordfjordbunader bak seg. Ho har framleis i sitt 86. år, fleire kundar gåande i dørene frå fjern og nær. Konfirmantane til våren -23 i Hyen, har bunader frå Eli si hand. Eli overtok bunadsyinga etter svigermora Synnøve Aa, og ved ei kjapp oppteljing av konfirmantar i Hyen frå 1965 til i dag, tel vi omlag 250 bunader som kjem frå henne. Faktum er nok at dette berre er ein liten del av alle bunader ho har laga. Eit tilfeldig møte med ein Nordfjordbunad i eit bryllaup på Oscarsborg festning, avslørte at bunaden var laga på Aa. Eigaren av bunaden hadde ei tante som kjende til bunadsyerska i Hyen. Slike historier er det nok mange av! Eli vert kontakta frå alle kantar av landet. Oppdraga kan også vere omsying av bunader, og då gjeld det ikkje berre Nordfjordbunad.

I tillegg til å sy bunader, har ho halde fleire kurs i bunadssaum og brodering og montering av bunadsskjorter. Når det gjeld broderiet på skjorta, syr ho mange ulike variantar. Gjennom arbeidet med bunader, tek ho vare på verdfulle tradisjonar og svært spennande og viktig handverk. Ho er ein ekte kulturberar som arbeider i det stille, men spreier kunnskap som det vert sett pris på. Eli har kjennskap til stoff- og mønstertradisjonar og har teke vare på gamle modellar. Gjennom arbeidet med bunaden i alle desse åra, har Eli gjort plagget tilgjengeleg for mange. Her får du ekte handarbeid og førsteklasses oppfølging. Eli Liv Aa er ein ekte kulturberar som har eit stort hjarte for bunadstradisjon!

Ester Løvland

Ester Løvland frå Kandal fortener kulturprisen for sin langvarige innsats og engasjement for Nordfjordbunaden. Ester sydde sin første bunad då hun var 16 år på Førde Yrkesskule. Der fekk ho ein lidenskapeleg interesse for bunaden og starta eiga bedrift for sying av damebunader. Ho gjekk deretter i lære hos konfeksjonsskreddar Sigvard Sandal og lærte å sy herrebunader.

Ester har sidan den gong halde fleire kurs med opplæring i bunadssying for nye generasjonar og har hatt elevar frå heile landet. For Ester er bunaden ein lidenskap og livsstil, og ho har hatt fleire store prestisjeoppdrag, seinast med eit viktig utstillingsoppdrag for Nordfjord Havn og eit av verdas største cruiseskip - Iona. Bunadene til Ester drar no verda rundt på turne!

Ester har sydd bunader til kundar i fleire verdsdelar og har no nådd over 500 bunader sydd! I verkstaden heime i Kandalen er no Ester i gang med eit nytt kurs for herrebunader. Her har ho nye elevar som kjem på besøk og får oppleve bygda og tradisjonane Ester formidlar. Verkstaden er ein del av gamlehuset på garden og elevane får oppleve det gamle gardslivet samtidig som dei lærer å sy bunader. Ester har gjentatte gonger vore gjest i media, NRK og lokalaviser der ho har formidla sin unike kunnskap om sying av bunader. Hun ønskjer å lære opp nye generasjonar slik at kunnskapen ikkje forsvinn og slik at vi framleis kan bruke desse unike norske festplagga i framtidige generasjonar. Ester fortener kulturprisen for sin utrettelege innsats for Nordfjordbunaden!

Vi gratulerer så mykje dei to flotte prisvinnarane!