Kulturprisen 2020 til Svein Hjellbakk. Prrsen vart utdelt av leiar i Teknisk- miljø og kulturutvalet, Olav Klungre
Siv K. Haugen
Kulturprisen sitt hovudformål er å løfte fram eit rikt kulturliv i Gloppen gjennom å takke for varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i kommunen.
Prisen skal dessutan vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar med tilknytning til Gloppen kommune.
Svein kom til Gloppen i 1972, og har siden den gong vore med på å skape framgang og entusiasme for folkemusikken, noko som har sikra rekruttering og ivaretaking av viktige tradisjonar i Gloppen og som gjev tru på et tradisjonsmusikken lokalt har ei framtid.
Engasjementet hans for sin musikksjanger i godt over 40 år er berre imponerande! Han har vore med å grunnlagt mange lag og dette fortel om fortel om ei breidde i arbeidet. Hjellbakk har sjølvsagt ikkje vore åleine om all denne aktiviteten, men han har vore ein svært viktig person og ei svært viktig brikke i å få til aktivitetar. Han har hatt evna til å få med fleire og få dei til å dra i lag, har sett styrken til folk som har vore nyttig til forskjellige verv.
Lang og imponerande merittliste
- Stor innsats i Breim Spelemannslag
- I 1981 spelte han seg opp i A-klassa på vanleg fele på landskappleiken i Oslo.
- I 1986 tok han initiativet til å starte eit hardingfelelag i Gloppen etter å ha samrådd seg med ein del hardingfele-spelemenn i Sandane-området.
- Han var medlem av Firdakvartetten.
- Han spelte seg opp i A-klassa på hardingfele på landskappleiken på Voss i 1991.
- I 1991 vart Gloppen folkemusikktorg skipa med Gloppen hardingfelelag, Leikarringen i Gloppen, Austrheim Musikklag, Hyen spelemannslag og Glopperaddane. Hjellbakk vart leiar.
- Storlaget med representantar frå ulike spelemannslag i kommunen var han også med å skipe.
- i 2000 starta han opp Grannelaget med hardingfele som basisinstrument i laget i 2000. Der arrangerer han musikken, og skriv stemmer. Samtidig samlar og arrangerer han hardingfeleslåttar.
- Han har medverka til å gjeve ut to notehefter med slåttar etter onkelen sin.
- I 2011 skipa han saman med Rune Nordvik og Atle Nygård, Jermiasfestivalen.
- Han er med i Honndalsmusikken og spelte inn cd-en Bryljaupsafta i 2014 i Spelarstova på Gimmestad.
Og som ein av forslagstillarane har skrive; «Utfrå erfaring veit eg at det arbeidet han har nedlagt i Gloppen er særsynt og at ei tildeling av kulturprisen er vel fortent.».
Vi kan trygt seie at han har vore ein framifrå ambassadør for folkemusikken her i Gloppen og fylket elles. Det er ei ære å dele dele ut årets kulturpris til Svein Hjellbakk. Vi gratulerer!
Velfortjent pris - Gratulerer Svein!
Siv K Haugen