Gloppen Sogelag fekk kulturprisen for 2021

Kulturprisens hovudformål er å løfte fram eit rikt kulturliv i Gloppen gjennom å takke for varig, ueigennyttig innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen skal dessutan vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar med tilknyting til Gloppen kommune.

I starten av kommunestyremøtet i dag vart årets kulturpris utdelt. Prisen gjekk til Gloppen Sogelag, og vart motteken av Sverre Folkestad og Margret Sande

Leiar i Teknisk, miljø og kulturutvalet, Olav Klungre, delte ut prisen og bakgrunnen for utdelinga er:  

For å gjere oss klar for framtida lyt vi kjenne fortida vår, og for å omfamne det nye treng vi å vere trygge i vårt eige. Til å hjelpe oss med dette, treng vi kulturberarar. Kulturprisvinnar i år er ein slik kulturberar i Gloppen.

Prisvinnaren vil vi også kalle ein aktiv utviklingsaktør; ein organisasjon som engasjerer seg og involverer seg i mange utviklingsoppgåver.

Dei er initiativtakar og arrangør bak Verda og vi, som er ein populær føredragsserie som går i Trivselshagen kulturhus.

Dei har bidrege aktivt med tekst og kunnskap inn i Gloppen sin kulturminneplan. Dei er aktiv formidlar av historia til lokale kulturminne, og bidreg på ein framifrå måte å føre kulturarven vidare. Dei inviterer til sogevandringar der deltakarane får sjå og høyre historia til lokale kulturminne, eller dei inviterer til støylsvandring til ein av våre mange støylar.

I januar i år starta organisasjonen innsamlinga «Slå ring om Holvikejekta» der pengane skulle gå til verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. 7. mars – 2 mnd etter innsamlinga starta – stod der 470 000 på konto for innsamlinga. Prisvinnaren klarte her å fange eit stort engasjement hjå innbyggjarane i Gloppen og nærliggande kommunar omkring vernebygg for eit unikt kulturminne i vår kommune.

Holvikejekta var bygd på Sandane i 1881, og er den største bevarte klinkbygde jekta i landet og er unik i verda. I mars i år følgde regjeringa opp, og løyvde 11 millionar til vernebygget. Den 27. oktober gjorde kommunestyret i Gloppen vedtak om sin del på kr 10 mill. Og i oktober var innsamlinga som prisvinnaren hadde sett i gang kome opp i nærare 2 mill. Prisvinnaren annonserte at denne summen skulle gå til reduksjon på kommunen sin del av vernebygget for Holvikejekta. Det bør nemnast at Sparebanken Sogn og Fjordane og Nordfjord hamn begge har bidrege med kr 500.000 kvar til innsamlingsaksjonen.

Den 24. november kunne Vestland fylkeskommune melde at dei har lagt inn 10 mill i budsjettet for neste år til verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta. Då er bygget fullfinansiert, og arbeidet kan starte opp i 2022.

For prisvinnaren har det slik sett vore eit aktivt år med mobilisering for vernebygg for Holvikejekta. Dei var aktivt med i komiteen for Holvikjekta sin 140 års dag som vart feira 5. september 2021. Ein litt artig kopling er også engasjementet arbeidet har skapt blandt dei unge. Gruppa Bald Bros laga ein rappe-låt og video om Holvikejekta som har gått populært på YouTube.

Men prisvinnaren har også fått tid til andre oppdrag dette året. 16. juni opna kulturstien og rekreasjonsområde på Reed. Kulturstien er ei rundløype med 5 ulike informasjonstavler som fortel historia til Reed. Tre representantar frå Sogelaget var tekstforfattarar og bidrog med bilete til informasjonstavlene som blei innhaldsrike og fine!

Og tradisjonen tru så kom Ljøren for sal i november i år, slik at innbyggjarane har god lektyre med seg inn i julemånaden.

Kulturprisen 2021 går i år til ein organisasjon, og spesielt for deira innsats med mobilisering for verne og formidlingsbygg for Holvikejekta dette året, men også for deira kontinuerlige arbeid med å formidle og ta vare på den rike kulturarven i kommunen vår.

At ein frivillig organisasjon kan vere så viktig for historieforteljinga vår er imponerande og gledeleg. Det er difor ei stor ære å få lov til å gje Kulturprisen i 2021 til Gloppen sogelag!

 

To representantar frå Gloppen Sogelag med kulturpris og blomsterbukett - Klikk for stort bileteSverre Folkestad og Ravnestad mottok prisen Siv K Haugen