Velfortent kulturpris til Steinar Engelbrektson

Årets siste kommunestyremøte starta høgtidleg med utdeling av kulturprisen for 2023.

Leiar i Samfunnsutvalet, Runar Stensaker Kleppe stod for utdelinga av prisen, og Steinar takka fyrst med ei lystig tale, for deretter å gje kommunestyret ein nydeleg instumentalversjon av den kjende salmen Kjærlighet fra Gud.   

Leiar i Samfunnsutvalet Runar Stensaker Kleppe delte ut Kulturprisen til Engelbrektson Birte Fossheim

Steinar har sett Gloppen og Nordfjord på kartet med musikken sin. Han begynte å spele til dans allereie som 13 åring, og har seinare gitt ut heile 10 album. Prisvinnaren er opprinneleg frå Stadtlandet, men fann kjærleiken i Gloppen og busette seg på Rygg i 1991.
Han viser ein unik speleglede når han opptrer, og han får med sin karismatiske veremåte lett kontakt med publikum. Dette kjem tydeleg fram når han speler i lag med menneske med nedsett funksjonsevne, underheld for dei eldre på omsorgsinstitusjonane våre, eller er med som instruktør for demenskoret i kommunen. Hans veremåte og speleglede inspirerer, og musikken får fram både  smil og tårer.  

For 31 år sidan begynte han som instruktør for Rosebandet. Bandet har fast øving ein måndag i månaden, og Steinar har i alle år trufast stilt opp og styrt øvingane, og tilpassa opplegget til alle bandmedlemane. Det er rørande å sjå kor godt samspel det er mellom artist og band både på øvingskveldar og når dei opptrer. Her blir det spelt og sunge låtar som får det til å rykke i dansefoten til dei fleste, og deltakarane i Rosebandet begeistrar lett sitt publikum! 

Steinar har også bidrege positivt inn mot omsorgsinstitusjonane våre. Her har han vore innom både for å underhalde, eller delta på utearrangement med musikken sin. Dei eldre får komme med songønskje og det blir både allsong og ein svingom når musikken strøymer frå trekkspelet. Det er så godt å sjå kva glede han skapar for dei eldre med musikken sin.

Også skulane har hatt glede av denne karen som musikar på kulturkveldar. Det er ikkje mange born som har gått ut av barneskulen siste ti åra utan å kunne songen «Heim til Nordfjord».  

I fjor var Steinar ein av initiativtakarane til å få i gang eit demenskor i kommunen, og han er med kvar veke som spelemann. Med sitt lune, fine vesen og humor er han er alltid god på å få med seg deltakarane og skape god stemning og samhald. 

Kulturprisvinnar 2023 - Steinar Engelbrektson. Vi gratulerer! Siv K H

Steinar Engelbrektson er kjent over heile landet som ein kjær dansebandartist som saman med bandet sitt, eller aleine, blant anna spelar opp til både kyrkjekonsertar, dans på lokalet og på mange ulike festivalar gjennom året. Heile livet har han underhalde med trekkspel og song, og gitt oss god dansemusikk, glede, tårer, latter og uforgløymelege refreng. Han har fronta nordfjorddialekta i musikken sin, og spesielt kjær for oss er låta "Heim til Nordfjord". Men han har også andre store slagerlåter som dagleg vert spelt på diverse musikkanalar. 

Vi takkar Steinar for hans fantastiske bidrag til kulturlivet i Gloppen, og gratulerer med kulturprisen for 2023!

Lurer du på kven som har motteke prisen tidlegare år - sjå oversikt her