Kulturprisen 2024 hyllar frivilleg arbeid for vedlikehald av bygningar

Ein verdig mottakar av årets kulturpris for Gloppen kommune fekk i dag velfortjent ære under årets siste kommunestyremøte. 

Vi gratulerer Narve Eimhjellen med velfortjent pris!

Marit Elisabeth Larsen delar ut årets kulturpris til Narve Eimhjellen Siv K H

Prisen vart delt ut av nestleiar i samfunnsutvalet,Marit Elisabeth Larssen, og prisvinnaren fekk, i tilleg til heider og ære, med seg både diplom, blomar og ein gavesjekk på kr 5000,-

I 2024 var det rekordstort engasjement for kulturprisen, vi fekk inn heile 19 nominasjonar, fordelt på 12 ulike kandidatar! Samfunnsutvalet synest det er flott at kulturprisen skapar engasjement, og at prisen er med å løfte fram gode rollemodellar som bidreg i fellesskapet. 
Årets vinnar er ikkje ein som søker merksemnd eller står i rampelyset, men ein som har via mykje av si tid til frivilleg arbeid. Arbeidet han har lagt ned har hatt stor betydning for bygda Eimhjellen i Hyen.
Her ligg det eit grendahus som er hjertet i bygda, og prisvinnaren har hatt ein unik omsorg for. Grendahuset betyr mykje for dei som bur i bygda. Her er basar, bygdakveldar, juletrefest, og private tilstellingar som konfirmasjonar og bursdagar.  Å halde eit slikt hus i stand krev tid, kunnskap og omsorg – og her har prisvinnaren verkeleg stått på. Alt frå å skifte vindauge til å reparere vedomnen – han har alltid hatt ei hand med der det trengst.

Men engasjementet strekker seg lenger enn til grendahuset. Som tidlegare vaktmeister ved leirskulen på Nesholmen har han lagt ned mykje arbeid for å ta vare på dei gamle bygningane der. Sjølv etter at han blei pensjonist, har han halde fram som frivillig, og med stor dugleik reparerer han, snekrar og deler av kunnskapen sin. Gardinstenger som toler ein trøkk, eller senger tilpassa dei historiske bygningane – alt vert gjort med både presisjon og glimt i auga. Ein litt morosam kommentar frå snekkaren sjølv, var at gardinstengene måtte vere så solide at dei tolde at ungdomar som besøkte leirskulen kunne svinge seg i gardinene. 

I Gloppen har vi rundt 26 grendahus som skal haldast ved like. Her ligg det mykje arbeid av frivillige i form av aktivitetar, dugnad og skaffe midlar til vedlikehald. Men husa har ein stor betydning som møteplass for innbyggjarane. Her kan ein samlast på tvers av generasjonar, til bryllup og andre festlegheiter, til basarar, bingo og dansetilstillingar. Grendahusa har stor betydning for samhald, identitet og trivsel hjå innbyggjarane i si grenda, og er ein kulturarv som er viktig å ta vare på. 

Kulturprisen 2024 gjekk til Narve Eimhjellen for den store innsatsen som han har lagt ned for grendahuset i Eimhjellen og for andre bygningar han har bidrege til å bevare. Narve er ein god rollemodell for alle dei frivillige som står på og jobbar i det stille for å ta vare på grendahus rundt om i kommunen vår. 

Samfunnsutvalet håpar prisen vil vere til inspirasjon og motivasjon for alle andre som gjer ein innsats for dei viktige kulturbygga våre og kulturarven dei fører med seg.