Slik søkjer du barnehageplass

Barnehagane i Gloppen har felles opptak. Skal du søke til ein kommunal eller ein privat barnehage - må du nytte deg av same elektroniske skjema. 

NB! i perioden nov-des 2019 

Nytt barnehageår

startar rundt 15. august

Søknadsfrist

Vi har eit hovudopptak pr år, og søknadsfristen er 1. mars. Og vi tildeler då barnehageplassar med oppstart i august og nytt barnehageår.

Kven har rett på plass?

Barn som har fyllt 1 år innan utgangen av november 2019, og som har søkt innan fristen 1. mars 2019 har rett på barnehageplass.

Søknad utanom fristen?

Du kan søkje om plass heile året. Plass vert tildelt fortløpande dersom barnehagane har ledig kapasitet.  Om du ikkje får tildelt plass vil du bli sett på venteliste fram til du får tilbod. 

Søk elektronisk

Klikk på lenka øvst på sida for å gå direkte til søknadskjemaet. Ha fødselsnummer (11 siffer) til barn og foresatte klar før du startar å fylle ut skjemaet. 

NB! Vi skal ta i bruk nytt søknadskjema frå Januar 2020. Ny lenke vert lagt ut når den er klar. I perioden nov- des 2019 vert det ikkje høve til å søke om barnehageplass. Alle barnehagane i Gloppen er fyllt opp, og har ikkje kapasitet til å ta inn nye barn for tida. 

Sikker pålogging

For å bruke skjemaet må du logge inn med ID-porten.