Redusert foreldrebetaling
Forskrift om foreldrebetaling i barnehagar paragraf 3 seier at foreldrebetalinga for eit barn i barnehage skal utgjere maksimalt 6 % av ei hushaldning si samla skatteplliktige kapital- og personinntekt.
For redusert foreldrebetaling gjeld regelen at hushaldninga ikkje skal betale over 6% av samla inntekt til barnehage. Sidan maksprisen no er 3.050 kr, blir det 3.050x11=33.550 kr pr år.
Dvs alle med årsinntekt under 559.167 kr, har rett på redusert foreldrebetaling.
Gratis kjernetid
Kommunen gjev fritak for 20 timar pr veke (gratis kjernetid) til 2-, 3-, 4- og 5-åringar. Dette gjeld også for barn med utsett skulestart.
Husholdningar med samla inntekt på inntil 598.825 kr kan søkje.
Søknad
Søknad må fyllast ut, og inntektene (siste tilgjengelig likning) til hushaldet skal dokumenterast/leggast ved som vedlegg til søknaden. Dersom søkjaren har skattepliktige kapital- eller personinntekter som ikkje står på den førehandsutfyllte sjølvmeldinga, er ein pliktige til å opplyse om desse.
Med hushald meinar ein føresett som søkjer, samt evt ektefelle/registrerte partnar eller sambuar, uavhenging om denne er føresett til barnet.
Bur barnet like mykje hos begge foreldrene på to ulike adresser, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekta til den av foreldra der barnet er folkeregistrert.
Du må søkje på nytt kvart år - ein søknad gjeld for eit barnehageår av gongen (ut juli månad).
Du må søke innan 1. august for å få redusert betaling frå barnehagestart.
Vedtak
Ordning (-ane) vert sett i verk frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet og gjeld ut inneverande barnehageår. Vedtak vert ikkje innvilga med tilbakevirkande kraft.
Du må logge inn med sikker pålogging (ID-porten) eller opprette deg ein brukar og logge inn med ei e-postadresse.