Vedtekter for kommunale barnehagar

Vedteke av: Helse- og oppvekstutvalet

Dato: 19. november 2025

Sak: 067/25

I: Omfang og formål

§ 1-1 Vedtektene gjeld for

Desse vedtektene gjeld for dei kommunale barnehagane i Gloppen kommune.

§ 1-2 Eigarforhold og drift

Gloppen kommune eig og driv dei kommunale barnehagane i Gloppen. Barnehagane skal drivast i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og vedtak fatta av samarbeidsutvalet og andre kommunale styringsorgan.

§ 1-3 Formål og innhald

Dei kommunale barnehagane i Gloppen skal drivast med det formålet og innhaldet som følgjer av § 1 i barnehagelova.

II: Organisering og personale

§ 2-1 Organisering og administrasjon

Helse- og oppvekstutvalet er det politiske styringsorganet for barnehagane i Gloppen, og kommunedirektøren har det øvste administrative ansvaret for barnehagane. Delegeringsreglementet til kommunen er gjeldande der det elles ikkje er presisert ansvar i denne vedtekta.

Ved kvar barnehage skal det vere ein styrar.

§ 2-2 Samarbeidsutval

Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval som er samansett slik:

- to representantar med vara frå foreldra/dei føresette

- to representantar med vara frå dei tilsette

- to representantar med vara frå kommunen, ein vald av Helse- og oppvekstutvalet og styrar i barnehagen.

Representantane frå foreldra og dei tilsette blir valde for barnehageåret medan Helse- og oppvekstutvalet sin representant blir vald for den kommunale valperioden. Samarbeidsutvala konstituerer seg sjølve. Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet.

Dersom barnehagen og skulen er samlokaliserte og organiserte som ei verksemd, skal det vere felles samarbeidsutval for barnehagen og skulen. I så fall skal representantane frå høvesvis foreldra/dei føresette og dei tilsette veljast slik at dei representerer både skulen og barnehagen.

§ 2-3 Foreldreråd

Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd som er samansett av foreldra/dei føresette til alle barna i barnehagen. Ved avstemming gjeld ei stemme for kvart barn og vanleg fleirtalsvedtak.

Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom heim og barnehage. Rådet kan be om å få tilsendt saker som vedkjem foreldra/dei føresette.

III: Opptak, oppseiing og betaling

§ 3-1 Samordna opptak

Alle godkjende barnehagar i Gloppen samarbeider om opptaket. Brukarane sine behov og ønskjer skal tilleggast stor vekt, men opptaket skal likevel styrast på ein slik måte at den samla barnehagekapasiteten i kommunen blir utnytta så godt som råd. Dei private barnehagane har eigne opptakskriterium som regulerer opptaket. Desse kjem fram av den enkelte barnehage sine vedtekter.

Opptak i kommunal barnehage blir gjort av kommunalsjef oppvekst.

§ 3-2 Søknad

Søknad om barnehageplass skal som hovudregel skje elektronisk.

Det er eit hovudopptak i året, med søknadsfrist 1. mars. Fristane blir annonserte på kommunen si heimeside og ved informasjon i den enkelte barnehagen.

Alle barn som søkjer innan fristen for hovudopptak, og som fyller eitt år innan utgangen av august, har rett til barnehageplass etter § 16 i barnehagelova. Barn som fyller eitt år i september, oktober eller november det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innan utgangen av den månaden barnet fyller eitt år i samsvar med barnehagelova § 16.

Nye søknadar som kjem inn etter fristen for hovudopptak, blir sette på venteliste etter dei som har rett på plass. Det er opptakskriteria som avgjer plassering på ventelista, ikkje tidspunktet for søknaden.

Barn som etter barnehagelova ikkje har rett til plass, vil i hovudopptaket få tilbod om eventuell ledig plass. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, gjeld opptakskriteria etter § 3-3 i vedtektene.

Dersom det etter hovudopptaket er ledige plassar, skal det gjerast kontinuerleg opptak og nye søknader blir registrerte fram til barnehageåret tek til i august.

I heilt spesielle tilfelle kan kommunalsjef oppvekst gjere unntak frå desse reglane. Behovet for plass må då grunngjevast skriftleg

§ 3-3 Vilkår for opptak

I den grad det må gjerast prioriteringar ved inntaket, skal dei gjennomførast slik for barn som har rett på plass etter barnehagelova §16:

1. Barn med nedsett funksjonsevne eller med vedtak etter barnevernslova om omsorgsovertakelse.

2. Barn frå familiar der begge foreldra er minoritetsspråklege med eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. Dette gjeld ved førstegangssøknad i busetjingsåret.

3. Barn som har plass i den aktuelle barnehagen og som ønskjer auka plass.

4. Ved opptak skal tvillingar, trillingar o.s.v. behandlast likt (som ein søkjar).

5. Søsken vert prioritert inn i same barnehage som eldre søsken alt har plass, og skal gå det aktuelle barnehageåret.

6. Alder på barnet, der dei eldste vert prioritert først.

Av omsyn til barnegruppa si samansetning, prioritering av søsken og fordeling av barn med spesielle behov, kan opptaksmyndigheita gjennom det samordna opptaket utvise skjønn ved fordeling av barn mellom barnehagane.

Foreldre/føresette som søkjer barnehageplass med tildeling etter spesielle kriterium, må dokumentere behovet med uttale frå lege, Barnevern, PP-tenesta, Helsestasjonen, NAV, e.l.

§ 3-4 Opptaksperiode og oppseiings-/endringsfristar1)

Barnehageåret er frå 15. august i opptaksåret, til 14. august det påfølgjande året. Tildelt plass gjeld frå det tidspunkt som står på tildelingsbrevet og til plassen blir sagt opp, eller ut barnehageåret det året barnet byrjar på skulen.

Barn som har fått tildelt barnehageplass, har førerett til å få byte barnehage før gjennomføringa av hovudopptaket eller til å få auka opphaldstid. Søknadsfrist er 20. februar. Tildeling av plass i ny barnehage etter søknad fører automatisk til at tap av plass i den barnehagen barnet flyttar frå.

Oppseiing/endring av barnehageplass skal gjerast skriftleg. Plass i barnehagen kan seiast opp/endrast frå den 1. og den 15. i kvar månad med minst 3 månads varsel. Det skal betalast vanleg foreldrebetaling i oppseiingstida sjølv om barnet ikkje nyttar plassen.

I særlege tilfelle kan det gjevast permisjon frå barnehagen, med fritak for foreldrebetaling. Vedtaksmynde ligg her til kommunalsjef oppvekst.

§ 3-5 Betaling

Kommunestyret fastset foreldrebetalinga i barnehagen. Betalingsfristen er den 20. i den månaden opphaldet gjeld for. Ved delt foreldreansvar er begge foreldra solidarisk ansvarlege for betalinga av plassen. Det blir gjeve søskenmoderasjon etter gjeldande reglar under føresetnad av at søskena som bur saman.

Barn si maksimale opphaldstid i barnehagen er 9 timar pr dag. Dersom barn ikkje blir henta innanfor maksimal opphaldstid, eller etter ordinær stengetid, må foreldre betale eit gebyr for kvar påbegynt halvtime.

Det er høve å søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid. Reglane om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, følgjer dei nasjonale reglane og beløpsgrensene som til ei kvar tid er vedteke av Stortinget.

Kommunalsjef oppvekst kan inndra tildelt plass ved manglande betaling.

IV: Opningstider og areal

§ 4-1 Opningstider

Opningstida i barnehagen skal vere innanfor kl 07:00 og kl 16:30, måndag til fredag. Kommunalsjef oppvekst fastset innanfor denne tidsramma og andre vedtekne rammer, opningstida i kvar barnehage. Klageorgan på vedtak om opningstider er Helse- og velferdsutvalet. Opplysning om opningstidene skal vere lett tilgjengelege i barnehagen og på denne si nettside.

Barnehagane er stengt på offentlege helge- og høgtidsdagar, 24.desember., 31.desember., samt 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Onsdag før påske stengjer barnehagen kl. 12.00.

§ 4-2 Ferie og planleggingsdagar

Alle barn skal ha ferie frå barnehagen i minst fire veker gjennom barnehageåret. Barna skal ha tre veker samanhengande ferie om sommaren. Barnehagane har fem planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår. Barnehagane er stengde desse dagane. Planleggingsdagane utgjer eine ferieveke til barna. Barnehagen sine opningsdagar og ferie vert regulert av barnehageruta som vert vedteke av Helse- og oppvekstutvalet årleg.

Det skal gjerast avtale om årets ferieavvikling for barna innan 1. mai. I spesielle tilfelle kan det gjerast avtale om anna ferieavvikling.

§ 4-2 Leike- og opphaldsareal

Leike- og opphaldsarealet i barnehagane skal minimum vere 4 m² for barn over 3 år, og 5,3 m² for barn under 3 år. Utearealet bør vere om lag seks gangar så stort som leike- og opphaldareal inne.

V: Klage og iverksetjing

§ 5-1 Klage1)

Enkeltvedtak etter desse vedtektene kan klagast på til kommunen sitt klageorgan.

§ 5-2 Iverksetjing

Desse vedtektene gjeld frå 20.11.2025 og erstattar tidlegare vedtekne vedtekter.