Tilrettelegging ved behov

Tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne etter barnehagelova § 19g


Dersom barnet ditt har behov for tilrettelegging for å kunne ha eit fullverdig barnehagetilbod, kan føresette og den aktuelle barnehagen melde behovet til kommunen. Det vil bli stilt krav om dokumentasjon.


 

§ 19 g -  Barn med nedsett funksjonsevne 

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. Plikta til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneberer en uforholdsmessig byrde for kommunen. Ved vurderinga av om tilrettelegginga inneberer ein uforholdsmessig byrde, skal det særlig leggast vekt på tilrettelegginga sin effekt for å bygge ned funksjonshemmande barrierar, dei nødvendige kostnadane ved tilrettelegginga og verksemda sine ressursar. 

Nedsett funksjonsevne er definert som «tap av, skade på eller avvik i en av kroppens psykologiske, fysiologiske eller biologiske funksjoner» (NOU 2011:22). Det kjem fram av forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at omgrepet omfattar fysiske, psykiske og kognitive funksjonar.

Om barnet har nedsett funksjonsevne må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle, og barnets funksjonsnivå må sjåast opp mot den enkelte situasjon barnet er i. 

Sjølv om omgrepet nedsett funksjonsevne skal forståast vidt, er det lagt til grunn i forarbeida til diskriminerings- og tilgjengelighetsloven at tilretteleggingsbehovet må vere av en viss varighet og styrke for at den skal kunne grunngje eit krav om individuell tilrettelegging (Ot.prp. nr. 44 (2007-2008) s. 180). 

Kven har rett til individuelt tilrettelagt barnehagetilbod 

Retten gjeld barn med nedsett funksjonsevne og er ikkje avgrensa til bestemte diagnosar. Nedsett funksjonsevne kan vera fysiske, psykiske eller kognitive vanskar av varig karakter. Det betyr at kortvarig nedsett funksjonsevne ikkje vert omfatta av §19g. 

Dokumentasjon 

Kommunen «skal påse at saken er så godt opplyst som mulig før vedtak treffes» jf. Forvaltningslova § 17. Å få saka godt opplyst er naudsynt for at kommunen skal kunne gjere vurderingane bhl. §19g krev. Aktuell dokumentasjon kan vere uttale frå lege, spesialisthelsetenesta, BUP eller PPT. Ei melding om behov for tilrettelegging frå foreldre og/eller barnehagen vil og vere med å gje opplysningar i saka (Sjå eige meldeskjema). 

Samtykke 

Kommunen kan ikkje innhente opplysningar om barnet som er omfatta av teieplikt utan at foreldra samtykker til dette. Kommunen kan heller ikkje dele opplysningar om barnet med andre instansar utan at det er heimel i lov for det. Dersom det ikkje er heimel i lov for å dele opplysningar, må det innhentast samtykke frå foreldra. 

Framgangsmåte 

Føresette i lag med barnehagen søkjer om tilrettelegging på eige søknadsskjema. Det er krav om dokumentasjon som seier noko om barnet si nedsette funksjonsevne. Dokumentet kan vera frå foreldre/barnehage, fastlege, helsestasjon, fysioterapeut m.fl. 

Vurdering og evt vedtak

Kommunen ved barnehagemyndigheit vil etter samla vurdering gjera eit vedtak om individuelt tilrettelagt barnehagetilbod i samsvar med barnehagelova § 19g. Dersom barnet treng tilrettelegging for å kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet, har kommunen ei plikt til å fatte vedtak som sikrar at barnet får eit egna individuelt tilrettelagt tilbod, jf. Bhl.§19 g første ledd. Målet med individuell tilrettelegging er at barnehagen skal tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet ut frå barnet sine behov og føresetnader. 

Vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne er eit einskildvedtak. Jfr. FVL §2. Føresette kan klaga på vedtaket etter reglane i forvaltningslova.