Kommunale tomter

Gloppen kommune prøver å legge til rette for bustadbygging og busetting i alle delar av kommunen. Ledige tomter er naturlegvis eit sentralt spørsmål i denne samanheng. Over finn du ei oversikt over dei kommunale tomtene.

Kommunale bustadtomter

Informasjon om bustadfelt og prisar på eventuelle ledige tomter

Generelt om pris

Prisane på kommunale tomter blir justerte kvart år frå 1. januar. Indeksen som blir brukt er konsumprisindeksen frå september året før. 

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr. 540,- for elektronisk innsending.

Kontaktperson kommunale tomter

Næringssjef Knut Roger Nesdal

Telefon 48 04 08 25