Hovden

Bustadfeltet Hovden ligg ca 1 km frå Reed sentum (gangveg). Dette er utsiktstomtar med sol heile året. 

Ledig tomt, prisjustert i 2024

- nr 50  -   1316 m2   -  kr 333 588,-

Sjå tomta på kartutsnitt (PDF, 610 kB)

I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra

- tilkoplingsgebyr for vatn
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Desse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her   

Kommunen jobbar med å realisere 5 nye tomter i Hovden byggefelt. Her er vi i dialog med grunneigar. Når dette er klart vil informasjon bli delt på denne sida. Ta gjerne kontakt med oss alt no om du har interesse av tomt i dette området.

I tillegg er det eit privat felt i Hovden eigd av Kjetil Sårheim. Ta kontakt med han for meir info.

Ved utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr 540,- for elektronisk innsending.

Interessert? Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825.