ValborgkleivaPå Sandane er det ledige kommunale tomter i Valborgkleiva bustadfelt. Feltet ligg ved Kleivedammen, aust for E39, med fint utsyn over Sandane, Gloppefjorden og Sørstrandsfjella, og kort avstand til flott turterreng. Gangavstand til skule litt over ein kilometer, og til Sandane sentrum om lag 1.5 kilometer. Desse tomtene er ledige, prisjustert i 2024:B2 747 209,-C14 797 423,-C16 729 949,-Kartutsnitt over B-feltet (PDF, 860 kB) - Kartutsnitt over C-feltet (PDF, 691 kB)I tillegg til sjølve tomteprisen, kjem desse gebyra:- tilkoplingsgebyr for vatn- tilboblingsgebyr for avløp- oppmåling- tinglysing av målebrevDesse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar herFor kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget ved utskriving av skøyte identisk med salsprisen, fordi tomtene blir selt til kostpris. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr 540,- for elektronisk innsending.Interessert?Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825. Sist endra 26.08.2024 08.30