SandePå sørsida av Gloppefjorden er det ledige kommunale tomter i bustadfeltet på Sande. Feltet ligg ca 8 km frå Sandane i retning Hyen. Tomtene har flott utsikt mot Gloppefjorden og Sandane.Desse tomtene er ledige, prisjustert i 2024: - Nr 11, 1.160 m2, kr 113 718,-- Nr 19, 1.071 m2, kr 113 718,-- Nr 21, 1.259 m2, kr 80 660-- Nr 22, 1.507 m2, kr 83 153,-Kart over tomtane finn du her (PDF, 798 kB)I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra:- tilkoplingsgebyr for vatn- tilboblingsgebyr for avløp- oppmåling- tinglysing av målebrevDesse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar herVed utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr 540,- for elektronisk innsending.Interessert? Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825. Sist endra 26.08.2024 08.30