Bustadfeltet har 17 einebustadtomter som varierer i storleik frå knapt 700 m2 til i overkant av 900 m2. Her er også eit område på 2700 m2 avsett til konsentrert utbygging.
Sjå film frå området!
Desse tomtane er ledige, prisjustert i 2025:
nr 2 | 790 m2 | 744 106- |
nr 3 | 740 m2 | 717 531,- |
nr 6 | 670 m2 | 690 956,- |
nr 7 | 730 m2 | 704 243,- |
nr 9 | 850 m2 | 850 407,- |
nr 13 | 690 m2 | 730 818- |
nr 15 | 830 m2 | 810 544,- |
nr 16 | 900 m2 | 823 832,- |
Kart over tomtane finn du her (PDF, 813 kB)
I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra:
- tilkoplingsgebyr for vatn
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Desse prisane vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her
Ved utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).
For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr 540,- for elektronisk innsending.
Intressert?
Ta kontakt med næringssjefen - telefon 480 40 825.