Byrkjelo aust

På Byrkjelo er det i dag ledige kommunale tomter i Byrkjelo aust. 

Bustadfeltet ligg mellom Byrkjelo sentrum og den nye meieriet, med fine tomter som er lette å opparbeide.

Desse tomtene er ledige, prisjusert i 2025:

- Nr 10, ca    913 m2, kr 150 392,- 
- Nr 11, ca    925 m2, kr 227 450,- 
- Nr 20, ca 1.074 m2, kr 138 922,- 

Sjå kart over tomt nr 10 og 11 - Furehaugane (PDF, 2 MB)

Sjå kart over tomt nr 20 - Bjørkevegen    (PDF, 900 kB)

I tillegg til sjølve tomteprisen nedanfor, kjem desse gebyra:

- tilkoplingsgebyr for vatn: Rekning frå Byrkjelo vassverk (privat)
- tilboblingsgebyr for avløp
- oppmåling
- tinglysing av målebrev
Dei kommunale avgiftene vert justert årleg, sjå oppdaterte prisar her  

I tillegg til desse tomtene ligg 20 regulerte tomter (utviding mot aust) som ikkje er bygd ut enda.

Ved utskriving av skøyte på tomta, utgjer avgiftsgrunnlaget grunnprisen på tomta i tillegg til utgifter til veg, vatn og kloakk (jmf. Rundskriv nr. 12/2015 S frå Toll og Avgiftsdirektoratet).

For kommunale tomter i Gloppen er avgiftsgrunnlaget identisk med salsprisen fordi tomtene blir selt utan forteneste. Når skøytet skal tinglysast av Statens kartverk må du betale 2,5 % dokumentavgift av avgiftsgrunnlaget pluss kr 585,- i tinglysingsgebyr for papirbasert innsending og kr 540,- for elektronisk innsending.

Interessert?

Ta kontakt med næringssjefen på telefon - 480 40 825.