Kulturmidlar
Lag og organisasjonar kan søke om kommunale kulturmidlar. I søknaden må laget grunngje behovet for kulturmidlar eller sei kva midlane skal brukast til. 
Det kan vere at laget har høge driftsutgifter, og at det er krevjande å få nok inntekter til å dekke årlege driftsutgifter. Eit anna argument i søknaden kan vere at ein ønskjer å halde kontingenten på eit nivå som inkluderer og minskar ulikskap.
Eit anna døme er at laget bidreg med tiltak som tener fellesskapet. Det kan vere alt frå å spele på 17. mai, eller at ein vedlikeheld eit uteområde som er offentleg tilgjengeleg. Kulturtiltak/tilbod som bidreg til samhald, glede og hindar utanforskap er også argument i søknaden.  
Vurderingskriterier som kommunen legg vekt på er:
- Tilbod for barn, unge, eldre, og personar med nedsett funksjonsevne 
 - Tilbod med fokus på inkludering og som hindrar utanforskap
 - Tiltak/arrangement som gagnar fellesskapet 
 - Medlemstal 
 - Aktivitetsnivå 
 - Driftsutgifter/driftsinntekter
  
Søknadsfrist: 1. april 2025
Alle som får tilskot frå kulturmidlane må akseptere kommunen si ordning med følgjekort for funksjonshemma. 
Gå til skjema for kulturmidlar her (sikker pålogging med ID-porten)