Fordeling av kulturmidlar til idretten 2023

På møte i Samfunnsutvalet 11. oktober vart det gjort vedtak om korleis kulturmidlar til idrettslaga skulle fordelast i 2023.

Birte Fossheim

Idrettsrådet har ei aktiv rolle i å komme med framlegg til korleis midlane skal fordelast utifrå medlemstal og aktivitetstilbod i laget. Samfunnsutvalet gjorde vedtak i samsvar med Idrettsrådet sine innspel til fordeling. 

For 2023 ser fordelinga slik ut

Kulturmidlar Idrett 2024
Idrettslag Tildelt i 2024
Gloppen Idrettsråd 13 000
Fjellhug/Vereide IL 12 529
Hyen IL 12 988
Breimsbygda IL 24 082
Sandane Turn og IL 45 381
Sandane Golfklubb 5 903
Gloppen Padleklubb 2 150
GHK 4 584
Nordfjord klatreklubb 3 298
Sandane Pistolklubb 683
Gloppen Taekwondoklubb 5 402
Sum - Totalt 130 000

 

Tilskottsmidlane er overført til dei ulike laga sin konto