Fordeling av kulturmidlar til idretten 2024

På møte i Samfunnsutvalet 16. oktober vart det gjort vedtak om korleis kulturmidlar til idrettslaga skulle fordelast i 2024.

Birte Fossheim

Idrettsrådet har ei aktiv rolle i å komme med framlegg til korleis midlane skal fordelast utifrå medlemstal og aktivitetstilbod i laget. Samfunnsutvalet gjorde vedtak i samsvar med Idrettsrådet sine innspel til fordeling. 

For 2024 ser fordelinga slik ut

Kulturmidlar Idrett 2024
IdrettslagTildelt i 2024
Gloppen Idrettsråd13 000
Fjellhug/Vereide IL12 529
Hyen IL12 988
Breimsbygda IL24 082
Sandane Turn og IL45 381
Sandane Golfklubb5 903
Gloppen Padleklubb2 150
GHK4 584
Nordfjord klatreklubb3 298
Sandane Pistolklubb683
Gloppen Taekwondoklubb5 402
Sum - Totalt130 000

Tilskottsmidlane er overført til dei ulike laga sin konto