Søk om plass
Gå til søknadsportalen Vigilo
Velg oppstartsmånad og marker barnehageynskjer - deretter innlogging med ID-porten, sikker pålogging
Søknadsfrist
Søknadsfristen er 1. mars.
Nytt barnehageår
startar rundt 15. august
Når har barnet rett på plass?
Alle må ha søkt om barnehageplass innan 1. mars for å ha lovfesta rett til barnehageplass!
- Dei som er fødde mellom 1. januar og 31. august har rett til barnehageplass frå august det året barnet fyller 1 år
- Barn som er fødde i september, oktober og november har rett til barnehageplass innan utgangen av den månaden barnet fyller eit år
- Barn som er fødde i desember har rett på plass det året barnet fyller 2 år
Dersom barnet ditt får tildelt plass, må de vere busette i Gloppen kommune når barnet startar i barnehagen.
Opptaket skjer i tråd med vedtektene i den enkelte barnehage.
Kan barn utan lovfesta rett få tilbod?
Fyrst tildeler vi barnehageplassar til dei som har rett på plass.
Dersom barnehagane deretter har ledig kapasitet vil barn som ikkje har rett på plass etter lova, få tilbod.
Prioritering av barnehage
Når du søkjer om plass må du i skjemaet markere tre, maks fire alternative barnehagar. Du vil ikkje kome vidare i skjemaet før du har lagt inn tre val. Undervegs i søknadsskjemaet vil du få høve til å justere rekkefølga på vala dine.
Kva skjer om du ikkje har fått plass i barnehagane du har valt?
Dersom du har rett på plass vil du få tilbod om plass i ein annan barnehage.
Du har då to val:
- Du kan takke ja til plassen og samtidig stå på venteliste til ditt første val av barnehage
- Du kan takke nei til plassen og stå på venteliste til ditt første val av barnehage.
NB! Ventelista vert sletta 1. februar året etter.
Kva kostar det?
Gå til informasjon om prisar for barnehageplass
Anna informasjon