Plan for frivilligheit (under arbeid)

Gloppen kommune er i gang med å utarbeide kommunedelplan for frivilligheit. Planen skal peike ut ei retning for korleis kommunen og frivilligheita kan jobbe saman for å løyse samfunnsutfordringar. 

Planprogrammet, som seier kva planen skal omfatte og korleis vi skal jobbe med planen, blei godkjent av kommunestyret 17. desember 2025. 

Les planprogrammet her

Om planarbeidet

Våren 2026 skal vi hente inn kunnskap gjennom medverknad. Målet med dette er å få ei oversikt over frivilligheita i Gloppen, få innblikk i utfordringar og behov, og finne ut korleis vi kan samarbeide betre.  

  • Onsdag 11. februar 2026 blei det gjennomført kunnskapsseminar om frivilligheit.
  • I mars-april 2026 kjem vi å sende ut eit spørjeskjema til lag og organisasjonar i Gloppen, og invitere til dialogmøte. 
  • Plan for frivilligheit skal sendast på høyring hausten 2026.

Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapsseminar om frivilligheit - 11. februar 2026

Tid og stad: 11. februar kl. 18-21, Kulturhuset Trivselshagen
Tal deltakarar: 60 personar

Målet med seminaret var å gje politikarar, frivillige og tilsette i administrasjonen eit felles kunnskapsgrunnlag som utgangspunkt for det vidare planarbeidet. Oppsummeringa frå seminaret vil bli brukt i det vidare arbeidet med planen.
 

Program for kunnskapsseminar om frivilligheit - Klikk for stort bileteProgrammet for kunnskapsseminaret om frivilligheit

 

Bilde frå kinosalen med publikum og ordøfrar Arnar Kvernevik - Klikk for stort bileteOrdførar Arnar Kvernevik ønskte velkomen til kunnskapsseminaret May Britt Sægrov