SamskapingSamskaping er ein arbeidsmetodikk der personar med ulike ressursar, erfaring og kunnskap jobbar saman for å skape verdiar. Kommunestyret i Gloppen vedtok i april 2022 å etablere eit prosjekt over ein 3-års periode, der ein etablerar og testar ut praksis for samskaping i kommunen.Samskaping må utviklast over tid gjennom felles prosjekt, der ein får erfaring og prøver og feilar.Det finst ingen fasit eller oppskrift på samskaping.Det skal vere ein openheit omkring samskapingsprosjekt som er under arbeid. Personar som ønskjer å delta i ulike prosjekt, er velkommen til å melde seg.Kommunen sin samfunnsdel har peika ut ei retning for Gloppen som lokalsamfunn i 2030, og gjennom samskaping vil ein kunne jobbe mot dette målet. Prosjekta må strekke seg etter å bidra til posisjonen «Ein rikare kvardag – midt i verda». Det kan t.d. vere innanfor lokalsamfunnsutvikling, møteplassar eller klima og miljø.I Gloppen har vi desse samskapingsprosjekta under arbeid: Landsbylaurdagar Planlagde landsbylaurdagar i 2023 Landsbylaurdagar Dato Kva skjer 27. april Aktivitetslaurdag med Nordfjord folkehøgskule 1. juni Hagelaget sitt planteloppemarked, Bondens Marknad og Gloppen jeger og fisk 15. juni Sommarfest med Gloppen kulturskule 13. juli Countrylaurdag med Norsk Countrytreff 17. august Sandanedagane 7. september Gloppen Musikkfest 21. september Matamål 19. oktober Bluesfestival og Verdsdagen for psykisk helse 30. november Julegrantenning og Bondens Marknad Kva er landsbylaurdag? Landsbylaurdag er ein møteplass der lag- og organisasjonar kan vise fram sin aktivitet, og bidra til å skape liv og røre på Heradsplassen og Fjordlandsbyen. Det er gratis for lag og organisasjonar som ønskjer å bidra, med unntak av Sandanedagane og Matamål – då må ein avtale med arrangøren om ein vil ha stand. Ta kontakt Har du spørsmål eller vil delta på landsbylaurdag – ta kontakt med Birte Fossheim – mob 92 47 72 48 el epost: birte.fossheim@gloppen.kommune.no "Plant og leik" Plantekasser i barneparken Sandane. Aktørane i prosjektet: Gloppen hagelag, Flyktningetenesta og kultureininga i Gloppen kommune. Nysgjerrig på prosjektet? Lyst å vere med? Ta kontakt med Mona kulturminnepark Utviklinga av kulturminneparken der Eidehøvdingen sin gard låg. Aktørar i prosjektet: Eidehøvdingens vener, Gloppen sogelag, Gloppen kommune. Har du innspel eller ønskjer å bidra? Ta kontakt med Birte Fossheim - mob 92 47 72 48/ epost birte.fossheim@gloppen.kommune.no Møteplass for tettstadutvikling Møteplass for tettstadutvikling er meint å vere ein årleg arena for samskaping rundt eit viktig tema. Det skal vere ein stad for kunnskapsdeling og møte mellom ulike aktørar med interesse for utvikling av tettstadane våre. Uavhengig av kva rolle DU har i lokalsamfunnet Gloppen, kan DU delta med din kunnskap, dine tankar og idear. Møteplass 2023 Tema for Møteplass 2023 var "Aldersvennleg bustadutvikling" Nyskapande aktivitetsanlegg Gloppen fekk støtte og har vore involvert i Vestland fylkeskommunen sitt prosjekt for Nyskapande aktivitetsanlegg i 2024. Gå til informasjonartikkel: Korleis utvikle idrettsanlegget i Trivselshagen bad og idrett? Kunnskapsgrunnlag for samskaping Slik vil vi jobbe med samskaping i Gloppen - Sjå informasjon samla av arbeidsgruppe for samskaping (2022) Inspirasjon frå andre Vi har henta inspirasjon frå andre kommunar som driv med samskaping som metode for lokal utvikling Stad kommune Arendal kommune Arendal kommune - verktøykasse Publisert 01.03.2023 08.46