Rundt 80 personar deltok på Møteplass for tettstadutvikling som vart arrangert i kinosalen og foajéen i Trivselshagen 7. mars 2023.
Presentasjonar
Første del av samlinga fekk dei frammøtte presentert ulike vinklingar til tema og status i lokale bustadprosjekt:
- Beate Kornberg i kommunen si planavdeling ønska velkomen!
- Kommunedirektør Anders Skipenes – Kort om bakgrunn for møte, framtidige utfordringar, kva rolle kommunen ønskjer og har høve til å ta?
- Kort appell frå Jon Gimmestad - representant for seniorane -
Kva er interessant for målgruppa?
- Kort innleiing til tema – «Planlegge litt» (Film på ca. 1 min.)
- Innlegg frå Anne Berit Rafoss – Prosjektleiar Senter for aldersvennleg Norge
Kort om aldersvennleg samfunnsutvikling og eksempel på alternative buformer/ sosiale buformer. Deltok digitalt men direkte.
- Hans Eikenæs presenterte sitt utbyggingsprosjekt i Sandane sentrum.
- Olav Fuglestrand presenterte Fico AS sine planar for bustader på Firda Billagstomta
- Jan Erik Mardal frå Gloppen eigedomsmekling
Fakta om bustadsirkulasjon bustadomsetting i Gloppen.
- Sparebanken Sogn og Fjordane v/ Odd Kjetil Tonning – Status på leilegheitskjøparar som nærmar seg pensjonisttilvære. På kva måte kan banken bidra?
Kafèdialog rundt tre spørsmål
Deretter deltok dei fleste i kafédialog i refleksjon og drøfting av tre spørsmål.
- Kva gjer tettstaden din aldersvennleg?
- Kva buformer kan vere attraktive for deg i framtida?
- Korleis kan vi, med ulike roller, bidra til utvikling av aldersvennlege tettstader i Gloppen?
Sjå oppsummering av resultata frå dialogane her (PDF, 459 kB)
2023 - møteplass for tettstadutvikling
Beate Kornberg
Resutltat av ein kafèdialog - diskusjon og samarbeid
Beate Kornberg