Avgift og prisar i Gloppen kommune

Dei kommunale prisane og avgiftene blir fastsette av kommunestyret i samband med budsjettbehandlinga kvart år. Nye prisar blir gjort gjeldande frå etterfølgjande årsskifte.

Nedanfor finn du gjeldande prisar for 2024. 

Sjå heile gebyrforskrifta for 2024 her

Kommunale avgifter, fakturering

Kommunale avgifter vert fakturert fire gongar i året, med forfall den 20. i februar, mai, september og november

Det er gjort unntak for dei som mottek kommunale gebyr som samla sett pr år er 1500 kr og lavare. Dei vert fakturert i siste termin, med betaling i november. Dei dette gjeld kan også få faktura 4 gongar i året, men då må dei ta kontakt med oss og be om det. 

Endre frå kvartalsvis til månadleg fakturering?

Dei som ynskjer månadleg fakturering kan få det ved å fylle ut endringsskjema - Gå til skjema her