Vassmålar

Løner seg å innstallere vassmålar i private heimar?

Hovudregelen er at har du stort hus og er få i hushaldninga kan det løne seg med vassmålar. Då vert forbruket målt både på vatn og avløp.

Korleis?

Kunden leiger vassmålar med kommunen og betalar ei lita årleg leige for dette. Det sikraste er å lage eit reknestykke for den enkelte abonnent.

Kven kan montere?

Ein vassmålar må vere montert av aut. rørleggar og det er rørleggaren sitt ansvar å melde i frå til Gloppen kommune når ein vassmålar er blitt montert i ein bygning/eigedom.

Når vassmålar er installert vil ein få faktura ut i frå avlese forbruk. 

Skjema for innmelding

Innmeldingsskjema finn du her  

Skal fyllast ut og sendast inn av autorisert rørleggar/føretak som utfører montering.

Har du spørsmål?

Kontakt Kjell Petter Solhaug:  kjell.petter.solhaug@gloppen.kommune.no

Telefon: 99 51 72 95