Eining for busetting og integrering

Eining for busetting og integrering (BI), eller flyktningtenesta som mange seier, har ansvar for busetting, kvalifisering og oppfølging av familiar og einslege vaksne flyktningar som blir busett i Gloppen etter avtale med IMDi.  Alle flyktningar har ved ankomst gyldig opphaldsløyve i Norge.

Det er politikarane i Gloppen som vedtek kor mange flyktningar som skal busettast i vår kommune kvart år. Familiegjenforeningar kjem i tillegg.

Kva rolle har flyktningtenesta?

Flyktningtenesta er ein koordinator mellom flyktningane og det øvrige tenesteapparatet i samfunnet.

Flyktningtenesta rettleiar og legg til rette for at flyktningane kan nytte sine ressursar og delta aktivt i samfunnet. Vi som arbeider i tenesta ynskjer at dei vi møter i vårt arbeid skal verte møtt med respekt, forståing og fagleg kompetanse. Grunnmurane i arbeidet vårt er hjelp til sjølvhjelp og ressursfokus. Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familiar skal verte sjølvstendige og ta ansvar for eigen livssituasjon.

Vårt mål er at dei skal finne seg til rette i arbeid, skule, nærmiljø og samfunnet øvrig.

Introduksjonsprogram

Tenesta er ansvarleg for kommuna sitt  introduksjonsprogram. Målet med introduksjonsprogrammet er å gje deltakarane grunnleggjande ferdigheiter i norsk, innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning. Ein viktig samarbeidspart er Gloppen opplæringssenter. Dei tilbyr norsk, samfunnskunnskap og grunnskule til deltakarane i introduksjosnprogrammet som ei av sine hovudoppgåver. Vi samarbeider og tett med lokalt næringsliv for å tilby eit tilrettelagt program for kvar deltakar. 

Les meir om introduksjonsprogram på IMDi si nettside

Fokus på utdanning og Gloppenmodellen

I Gloppen har vi eit særskilt fokus på utdanning og har, saman med dei andre Nordfjordkommunane og dei vidaregåande skulane og NAV jobba målretta med dette gjennom Gloppenmodellen.

Her finn du meir informasjon om Gloppenmodellen 

Frivilleg arbeid

Gloppen kommune set stor pris på samarbeid med dei frivillege organisasjonane i kommunen. Dersom du ynskjer å jobbe som frivillig ynsker vi at du vender deg til dei ulike etablerte organisasjonane som vi samarbeider med. Dette gjev best ressursutnytting og arbeidet vert koordinert på best mogleg måte. Vi har til dømes samarbeid med Gloppen frivilligsentral og Røde kors omsorg.

Bustadkonsulent

Bustadkonsulenten i Gloppen er og organisert under Busetting og integrering. Her kan du mellom anna få råd og rettleiing i spørsmål kring startlån, kommunal bustad og  finansiering gjennom husbanken. Bustadkonsulenten er og den ansvarlege når det gjeld framleige av bustadar mellom private og kommunen.

Kommunal bustad - meir informasjon og retningslinjer

Gå til søknadskjema for kommunal bustad

Vi treng fleire utleigebustadar

Gå til boligdugnaden.no - og få informasjon om utleige av bustad

Ynskjer du å leige ut bustad til kommunen?  Fyll ut skjema for registrering av ledige husvære her

Kontaktinformasjon

Busetting og integrering
Tilsett Tittel Telefon E-post
Ann Iren Festervoll Einingsleiar 97 09 61 04 E-post
Erlend Eide Flyktningkonsulent 91 99 53 49 E-post
Hilde Eide Flyktningkonsulent 96 01 98 71 E-post
Tina Beate Hjellbakk Programrådgjevar 46 62 65 47 E-post
Steinar Kandal Bustadkonsulent 40 43 06 04 E-post
Anne Marie Kalstad Sakshandsamar 949 87 734 E-post