Bustad til leige

Gloppen kommune har bustadar for utleige. For å kunne leige ein kommunal tilrettelagt bustad i Gloppen må du vere i målgruppa.

Kven er i målgruppa?

Målgruppa omfattar personar som treng hjelp til å skaffe seg bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsett funksjonsevne, helsemessige eller sosiale problem, manglande kunnskap om den norske bustadmarknaden eller liknande tilhøve.

Sjå retningslinjer for tildeling av kommunal bustad

Søkje?

Dersom du ynskjer å leige kommunal bustad må du søkje

Gå til søknadskjema

Kan du ikkje fylle ut elektronisk skjema? ta kontakt med bustadkonsulenten, så kan du få papirskjema og hjelp til utfylling. 

Ikkje i målgruppa?

Det er fleire private som leiger ut bustadar i Gloppen. Desse aktørane annonserer vanlegvis ledige bustadar på Finn.no, eller på sosiale medier som Kjøp og sal sider på Facebook

Kontaktperson kommunale bustadar

Bustadkonsulent Steinar Kandal

Telefon 40 43 06 04