Høyring: Forskrift om skulereglar og skuledemokrati i Gloppen kommune

Driftsutvalet legg på høyring ny forskrift etter ny opplæringslov. 

Høyringsfristen er 15. september 2024

Sjå vårt utkast til forskrift  - Gloppen kommune hadde eit ordensreglement som var vedteke i 2017 og var modent for revidering. No er ordensreglement endra til skulereglar. Vi har valt å legge til skuledemokrati i overskrifta for å understreke at den seier noko om det og der ny lov ikkje er like tydeleg som den gamle på kva organ som skal vere i skulen. 

Det er i utkast til forskrift om skulereglar lagt til nye moment. Både elevar sitt beste og elevar sin rett til å bli høyrt og skuledemokrati har fått større plass i nytt lovverk. Vi har valt å ta med desse punkta i den nye forskrifta. Bortvising som er ei forskrift kommunen kan utarbeide er implementert i forskrifta for skulereglar. Bakgrunnen for valet er at bortvising er ein av reaksjonane skulen kan gje på brot på skulereglane. Det skal kome tydeleg fram i forskrifta kva reglar som gjeld for elevane dersom dei blir vist bort frå skulen. Vi har i tillegg teke med reglane om trygt og godt skulemiljø for å understreke både rettar og plikter, samt korleis vi skal handtere dei.
 

Lovtekst i Opplæringslova (frå lovdata.no)

“Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om organisering av skoledemokratiet og om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og oppførsel (skolereglar). Kommunen og fylkeskommunen kan i slike skolereglar angi kva tiltak som kan brukast når elevar bryt skolereglane, og korleis slike saker skal behandlast”

Sjå Driftsutvalet si handtering av sak 34/24

Merknadar

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til forskrifta

Uttale skal merkast med 34/24, og namn på forskrifta du vil uttale deg om.

Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller 
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare prosess

Saka skal opp til politisk handsaming i September/oktober 2024 

Frist for å kome med uttale er sett til 15. september 2024