Logg inn og send brev til Gloppen kommune via eDialog
Ved å nytte tenesta eDialog, kan du sende oss dokument via ein sikker kanal. Vi oppmodar både privatpersonar og verksemder til å nytte eDialog til å sende dokument trygt inn til oss, tryggare enn vanleg e-post!
For å bruke tenesta, må du logge på ved hjelp av ID-porten (sikker pålogging).
Slik fyller du ut skjemaet
- Velg om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
- Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
- Tittel: Kva gjeld det, og ta gjerne med saksnummer dersom dette er kjent.
- Kommentar: Her skriv du det du har på hjartet.
- Laste opp eventuelle vedlegg som (inntil videre) må vere i PDF-format *
- Klikk på "Send" - førespurnaden blir kryptert og sendt direkte til vårt sak/arkivsystem.
- Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).
Fordelen med å bruke eDialog
- Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
- Det gir ein sikker identifikasjon av kven som er avsendar
- Innsendt post blir sendt rett inn i vårt sak/arkivsystem
Du skal ikkje bruke eDialog dersom
*) Slik kan du gjere om eit dokument til PDF-format: For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF. LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".