Høyring: Forskrift om hovudmål på kvar skule i Gloppen kommune

Driftsutvalet legg på høyring ny forskrift etter ny opplæringslov. 

Høyringsfristen er 15. september 2024

I vårt utkast til forskrift legg vi til grunn at Gloppen kommune er ein nynorskkommune og at nynorsk såleis er hovudmålet i skrifftspråket. 

Lovtekst i Opplæringslova (frå lovdata.no)

“Kommunen og fylkeskommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmålet på kvar skole, anten bokmål eller nynorsk. Skolen skal bruke hovudmålet i den skriftlege opplæringa og i den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra. I samband med skifte av hovudmål på ein grunnskole eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre i kommunen krev det, skal det haldast rådgivande røysting. Nytt vedtak om hovudmål kan ikkje gjerast før det har gått fem år. Departementet kan gi forskrift om røysterett, ansvar for røystinga og organisering av røystinga”

Sjå Driftsutvalet si handtering av sak 34/24

Merknadar

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til forskrifta

Uttale skal merkast med 34/24, og namn på forskrifta du vil uttale deg om.

Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller 
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare prosess

Saka skal opp til politisk handsaming i September/oktober 2024 

Frist for å kome med uttale er sett til 15. september 2024