1. Vi vurderer søknaden
Vi vurderer søknaden etter plan- og bygningslova og nokre gongar jordlova. Du får skriftleg svar i posten når vi har avgjort saka. Vanlegvis går det mellom to og fire veker frå du har søkt til du får svar.
Nokre gongar kan vi trenge meir tid til å vurdere søknaden. Det kan skje:
- dersom noko er uklart, feil eller manglar i søknaden. Då tek vi kontakt med deg så raskt vi kan.
- viss andre offentlege instansar må uttale seg om saka
- når du treng dispensasjon frå kommunen sin arealplan/reguleringsplan
Dersom du får avslag på søknaden kan du klage innan tre veker. Blir søknaden godkjent, går vi vidare i prosessen.
2. Måling og merking av nye eigedomsgrenser (oppmålingsforretning)
Dersom du får løyve til frådeling, måler ein av kommunen sine landmålarar opp grensene til eigedomen og set ned grensemerke. Dette blir kalla oppmålingforretning. Du som eigar blir invitert til å vere med, slik at vi er einige om kvar grensene skal gå. Vi sender brev til deg med tidspunkt for oppmålingsforretninga.
Sesongen for oppmåling og merking er i hovudsak mellom 15. april og 31. oktober. Då er det sjeldan snø, og det er praktisk mogeleg å sette ned grensemerke. Dersom vêret tillet det, kan oppmålingsforretninga haldast utanfor sesongen. Fristen for oppmåling er tre år etter at søknaden er godkjent.
3. Matrikulering
Etter oppmålingsforretninga registrerer vi opplysningar om den nye eigedomen i matrikkelen. Det er Norge sitt offisielle register over fast eigedom. Du får matrikkelbrev i posten som viser kva for opplysningar som er registrert om eigedomen.
4. Tinglysing
Når eigedomen er ført inn i matrikkelen, sender vi tinglysing på vegner av deg til Statens kartverk. Då vert eigedomen ført inn i grunnboka, som er landet sitt offisielle register over rettar knytt til fast eigedom.