Reguleringsplanar

Reguleringsplanar er arealplanar laga på grunnlag av plan- og bygningslova kapittel 12 (§§12-1 til 12-15).

Kva inneheld ein reguleringsplan?

Reguleringsplanane fastset på kart utforming av t.d. byggeområde, trafikkområde og friområde. Reguleringsplanar skal i tillegg til kartet ha ein tekstdel med orientering om planområdet og relevante forhold, og juridisk  bindande reguleringsføresegner som t.d. fastsett omfang av utbygging og krav til utforming av trafikk- og friområde.

Gjeldande planar

Gjeldande planar i Gloppen kommune er frå ulike tidsepokar som har hatt ulike krav til innhald og detaljeringsgrad. Ein del eldre planar manglar element som det er krav om i dagens planar.

Dei fleste gjeldande reguleringsplanane i Gloppen er i digitalt format. Planoversikt, større og mindre endringar, scanna originalkart, tekstdokument og føresegner er tilgjengeleg i digitalt planregister

Gå til digitalt planregister

Nye utbyggingstiltak

Nye utbyggingstiltak må i hovudsak baserast på gjeldande plan for aktuelt område eller det må utarbeidast ny plan før utbygging. Planar blir dels utarbeida av kommunen og dels av private grunneigarar eller utbyggarar.

Politisk ansvar

Det politiske ansvaret for plansaker i Gloppen er delt. Formannskapet har ansvar for overordna planlegging, og TMK-utvalet tek seg av reguleringsplanar.

Kart

Godt kart over Gloppen, med mulighet for informasjon om eigedomar og planar - bruk vår nettbaserte kartløysing