Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som direkte eller indirekte kan påverke helsa.
I følgje folkehelselova har kommunen ansvar for godkjenningar, tilsyn, rådgjeving og rettleiing i høve til kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar.
Miljøretta helsevern har fyrst og fremst eit førebyggjande aspekt, men dersom det oppstår tilhøve som har negativ innverknad på helsa har kommunen og høve til å pålegge verksemder tiltak for å redusere og/eller fjerne helseskadelege miljøfaktorar.
Viktige tilsynsområder
Publisert 01.03.2023 15.01