Radon, inneklima

Radon er ein radioaktiv gass som kjem frå berggrunnen. Den kan sive inn i hus gjennom sprekkar og utette stader mot grunnen. Når vi pustar inn luft som inneheld radon, gir den frå seg stråling til lungene, noko som over tid kan føre til lungekreft.

Fakta om radon

Noreg er eit av dei landa i verda med høgast konsentrasjon av radon i innelufta. Dette skyldast både geologiske tilhøve, klimaet vårt og måten vi bygger bustadene våre på.

Det finst radon i berggrunnen dei fleste stader i Noreg, men mengda varierer frå stad til stad, og frå hus til hus. For å finne ut om du har radon i huset, må du måle. Ein kan vere mest plaga med radon i kjellar og fyrste etasje, sidan gassen kjem frå grunnen. Radonnivået er vanlegvis høgare om vinteren enn om sommaren.

Det finst også radon i vatn. Hushaldsvatn frå borebrønnar i fjell kan innehalde høge konsentrasjonar, og når du dusjar, brukar oppvaskmaskin og liknande, vil det frigjerast radon til lufta inne.  

Set du opp eit nytt bygg for varig opphald, skal det ha radonførebyggande tiltak, ifylgje byggeregelverket (byggteknisk forskrift).

Leiger du ut ein bustad, har du ansvar for at radonnivået i utleigebustaden er under forskriftsfesta grenser.

Kva er kommunalt ansvar?

Kommunen har i følge folkehelseregelverket  ansvar for å føre tilsyn i skular, barnehagar og utlegebustadar.

Private bustadar

Den einaste måten å finne ut om din bustad har eit radonproblem er å måle. Du kan sjølv ta kontakt med firma som sel radonmålarar. Måling må gjerast i vintarhalvåret mellom okotber-april, og målingane må foregå i minimum to månadar. 

Anbefalte grenseverdiar

DSA anbefaler at alle bygningar bør ha så låge radonnivå som mogleg. Måler du 100 becquerel per kubikkmeter luft (Bq/m3) i bustaden, bør du gjere tiltak. Anbefalt grenseverdi er 200 Bq/m3

Kommunal kontaktperson

Leiar ved eigedomsavdeling kan gje deg råd og svar på spørsmål om radon

Odd Arne Kolseth, telefon: 99 56 02 28 eller e-post

Meir informasjon

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet DSA, har eiga infomasjonsside om radon, her får du  truleg svar på alt du lurer på