Kommunen har rutine for å handtere ein eventuell situasjon som måtte oppstå om drikkevasskvaliteten skulle vise seg ikkje å vere tilfredsstillande. I Gloppen kommune er det tenesteleiar kommunalteknikk som er ansvarleg.
Arbeid på eksisterande kommunalt vannledningsnett
Før det kan utførast arbeid på eksisterande kommunal vassleidningsnett må det sendast inn røyrleggarmelding til teknisk drift og prosjektleiing.
Private stikkleidningar
Ein stikkleidning er rekna som privat til og med tilknyting på kommunal leidning. Eigar er ansvarleg for vedlikehald og drift av privat stikkleidning. Har du behov for gå over annan grunneigar sin eigedom for å knytte deg på kommunal leidning krev dette skriftleg løyve frå vedkommande grunneigar. Slikt løyve bør tinglysast.
Meir informasjon på desse sidene:
Forskrift om vannforsyning og drikkevann (Drikkevannsforskriften)
Folkehelseinstituttet: Smittespredning gjennom drikkevann
Folkehelseinstituttet: Drikkevann i spredt bebyggelse og på hytta