Alle verksemder som jobbar med behandling og pleie av hår (også barbering) eller hud (også holtaking og tatovering) er omfatta av Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomhet m.v
Kven har meldeplikt?
Frisør- og hudpleieverksemder må oppfylle hygienekrava, men treng ikkje godkjenning. Dei må berre sende inn melding om si verksemd.
Kven må ha godkjenning?
Alle verksemder som utfører tatovering, holtaking og andre former for pentrering av hud/slimhinner * må godkjennast av kommunen
Frisørar som ufører enkel holtaking/set hol i øyrer vert rekna som holtakingsverksemd.
Døme på tenester og behandling som kan medføre gjennomholing / penetrering av hud og eller skading destruksjon av hud: Tatovering, permanent make-up, holtaking/hol i øyrene/piercing, injeksjonar/botox/fillers, elektrolyse, bruk av kanyle ved hudpleie/utklemming, bruk av skalpell ved fotpleie, kjemisk peeling mv.
Krav til lokale og hygiene
Penetrering av hud skal føregå i godkjende lokaler. Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindre overføring av smittsomme sjukdommar
Verksemmdene er ansvarlege
Verksemdene er sjølve ansvarlege for å sende melding/søke godkjenning:
- ved oppstart
- ved eigarskifte
- ved større endringar av lokala
Søk om godkjenning / send melding
Bruk vårt elektroniske skjema
Du logger inn via ID-porten for å sikre at skjemaet ditt vert lagra undervegs.
Forskrift
Hygienekrav og tilsyn er definert i Forskrift om hygienekrav for frisørverksemd mv