Skulefritidsordning (SFO)
SFO er eit frivillig fritidstilbod på skulen for barn i 1.-4. klasse.
For barn med særskilte behov gjeld tilbodet om SFO frå 1.-7. klasse.
SFO føl skuleåret, med oppstart i august
Barna disponerer sjølve tida på SFO innafor gjevne rammer. Tilbodet skal legge til rette for utvikling og læring gjennom leik, kulturaktivitetar, leksearbeid og samhandling med andre barn.
Du søkjer om plass på SFO direkte til den enkelte skule.
Påmeldingsfrist
1. april , og oppstart ved skuleårstart i august.
Pris
Kva kostar SFO?
Redusert foreldrebetaling?
Sjå informasjon, og finn søknadskjema
Oppseiing av plass?
Dersom ein vil seie opp plassen på SFO, må dette gjerast skriftleg. Oppseiingstida er 1 månad.
Regelverk
Sjå regelverket for SFO i Gloppen
Publisert 10.01.2023 10.00