Vedtekter for skulefritidsordninga i Gloppen

Vedteke av: Kommunestyret

Dato: 23. mars 2023

Sak: 025/23

§ 1. LOV OG REGELVERK 

Skulefritidsordninga vert driven i samsvar med Opplæringslova § 13.7 med forskrifter, kommunale vedtak og rammeplanen for SFO.  

§ 2. EIGARTILHØVE 

Gloppen kommune eig og driv dei kommunale skulefritidsordningane i samsvar med opplæringslova, gjeldande retningsliner og føreskrifter, samt vedtak i kommunestyret.
Skulefritidsordningane er lokaliserte til grunnskulane i Gloppen kommune. Tilbodet vert finansiert gjennom kommunalt tilskot og eigenbetaling frå foreldra. 

§ 3. FAGLEG OG ADMINISTRATIVT ANSVAR 

Rektor ved kva skule som har SFO tilbod er fagleg og pedagogisk ansvarleg for tilbodet. Kommunalsjef oppvekst har det overordna administrative ansvaret og oppvekstutvalet har det politiske ansvaret for SFO tilbodet i Gloppen kommune. 

Alle foreldre/føresette utgjer SFO sitt foreldreråd. SFO og skule samarbeider om eit foreldremøte kvart år. Rektor i samarbeid med dagleg leiar kallar inn til foreldremøte. Foreldrerådet kan kome med innspel til årsplan for SFO. Foreldre skal ha innsyn i årsplan. Samarbeidsutvalet (SU) ved skulen er rådsorgan for SFO.

§ 4. FØREMÅL 

Skulefritidsordninga (SFO) er eit tilbod for barn i 1.–4. klasse, og for barn med særskilde behov i 5.–7. klasse. Det skal leggast til rette for leik, kulturaktivitetar, fysisk aktivitet/friluftsliv og sosial læring med utgangspunkt i barnet sin alder, funksjonsnivå, og interesser. Barna skal ha reell innverknad på eigen kvardag innanfor rammene til SFO. SFO skal byggje på den overordna planen for SFO, skulen sitt verdigrunnlag, kommunale målsettingar og skulen si pedagogiske plattform. SFO skal gje barna omsorg og tilsyn (opplæringslova § 13.7). Opplæringslova sitt krav om eleven sin rett til eit godt fysisk, psykisk og sosialt miljø gjeld òg for SFO (opplæringslova § 9a). Skulen sitt ordensreglement gjeld òg for elevar i skulefritidsordninga.

§ 5. INNHALD OG AKTIVITETAR 

Skulefritidsordninga skal legge til rette for varierte leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn. Barn med nedsett funksjonsnivå og barn med særskilde behov skal ha gode utviklingsvilkår. Det skal utarbeidast årsplan for skulefritidsordninga ved den enkelte skule. 

§ 6. ETABLERING AV SFO-TILBOD 

Det skal vere minimum 7 deltakarar for å opprette/oppretthalde skulefritidsordning i skuleåret og som ferietilbod ved ein skule. Ved 1-  7 deltakarar kan ein gje tilbod i samarbeid med barnehage der det ligg til rette for det eller det vert gjeve tilbod ved annan SFO.

§ 7. RUTINAR VED OPPTAK 

Alle barn på 1.– 4. årssteg og barn med særskilde behov på 5.– 7. årssteg som søkjer innan fristen, skal få tilbod om plass i skulefritidsordninga ved den skulen dei går på. Opplysningar om ordninga og informasjon om søknad ligg på kommunen si heimeside og vert formidla frå skulen til aktuelle foreldre. Søknadsfristen er normalt 1. april kvart år. Dersom ein skulekrins manglar skulefritidstilbod, kan foreldre søkje om plass i ein av dei andre krinsane. Dette kan og vere aktuelt i høve skulefri dag for 1. og 2.årstrinn (onsdag) og SFO i feriar. 
 

§ 8. OPPTAKSPERIODE, PÅMELDING OG OPPSEIING AV PLASS 

Skuleåret (38 veker) er opptaksperioden. Hovudopptaket gjeld frå skulestart og ut skuleåret. Opptak elles i skuleåret gjeld ut skuleåret. Påmelding skjer i det skuleadministrative systemet Vigilo. Skulen administrerer sjølv opptak og oppseiing av elevar i SFO. Ajourført registrering av elevane er grunnlag for månadleg krav om foreldrebetaling (jf. pkt. 9). Oppseiing av plass skal gjerast i Vigilo eller skriftleg direkte til rektor/dagleg leiar. Oppseiingstida gjeld frå oppseiingsdato og påfølgande månad. Betaling i oppseiingstida gjeld sjølv om barnet sluttar før. 

§ 9. DAGLEG OPPHALDSTID OG ÅRLEG OPNINGSTID 

Den daglege opphaldstida skal ligge innafor tidsramma 07.00 – 16.30, måndag til fredag. Samarbeidsutvalet ved den enkelte skule kan justere desse tidene. Årleg opningstid følgjer skuleåret. Dersom minimum 7 elevar melder seg på, kan ein etter avtale med skulen, halde opne SFO-avdelingar når elevane har fri, ved 1- 7 elevar, kan ein gje tilbod i barnehagen eller annan SFO i kommunen. SFO kan halde stengt inntil to planleggingsdagar for dei tilsette. SFO er stengt julafta og nyttårsafta. Onsdag før skjærtorsdag stenger SFO kl. 12.00. SFO er stengt i Juli månad.

§ 10. FORELDREBETALING 

Kommunestyret vedtek betalingssatsar. Betalingssatsane vert vedtekne i kommunestyret i desember kvart år, og gjeld frå 1. januar påfølgande år. Foreldrebetaling vert kravd i 10 månader per år. Betaling skjer til økonomiavdelinga i Gloppen kommune per 20. kvar månad, frå og med august til og med juni. I august og juni vert det fakturert for halve månaden. Betaling for ferietilbod kjem i tillegg til den månadlege foreldrebetalinga. 

Dersom foreldrebetalinga har stått til forfall i ein månad etter første betalingsvarsel, vert barnet oppsagt frå plassen. Oppseiingstida er ein månad frå den dato oppseiinga er sendt. Kommunalsjef for oppvekst  kan i særskilde høve fråvike reglane etter søknad. Den enkelte SFO-ordning kan krevje betaling ved sein henting av barn, etter satsar fastsett i kommune sitt pris og gebyrhefte. Det er høve til å kjøpe heile dagar og enkelttimar. Betaling skjer etter vedteken sats. 

Betalingsfritak frå SFO kan gjevast ved langvarig, dokumentert sjukdom og liknande. Søknad skal sendast rektor ved aktuell skule. Familiar med låg inntekt kan søkje om redusert foreldrebetaling for SFO – plass for barn i 1. - 4. klasse. Redusert foreldrebetaling gjeld ved etablert SFO tilbod uavhengig av om det er skuleår eller ferie. Søknad skal bli sendt frå søkeportalen på kommune si heimeside. For elevar med særskilte behov i 5. – 7. klasse er SFO gratis i skuleåret, feriar og fridagar. Det vert gjeve syskenmoderasjon på SFO, 2. barnet 20%, 3 barnet 33%. Syskenmoderasjon følgjer det yngste barnet.

Det er 12 timar gratis SFO for elevar i 1. og 2. klasse per veke. 12 timar gratis SFO gjeld og i feriar når det er eit SFO tilbod. 12 timar gratis SFO skal fordelast på alle vekedagane med 2 timar kvar dag utanom onsdag då det er 4 timar. Føresette skal avtale med SFO korleis dei vil fordele dei gratis timane, enten på morgen, ettermiddag eller begge deler, om ikkje anna er avtalt er det timen rett før skulestart og rett etter skuleslutt som er gratis, onsdagane er det dei 4 første timane frå opning om morgonen. I feriar vert 12 timar gratis SFO kompensert slik: Alle får 1,5 dag gratis per veke, dagane kan ikkje splittast opp i timar. 

§ 11. BEMANNING OG LEIING 

Rektor har administrativt og fagleg ansvar for SFO. Rektor kan delegere mynde til ein særskild leiar av SFO. På kvar skule vert det sett av tilstrekkeleg tid til leiing av SFO. Bemanninga på SFO skal gjerast i forhold til tal «heile» plassar per tilsett i SFO si opningstid. Bemanninga skal vere ein tilsett per 14 barn. Bemanning i skulefritidsordninga vert fastsett etter denne norma: 
Inntil - 14 born: 1 tilsett 
15 - 28 born: 2 tilsette osv

Personale som skal ivareta barn med særlege behov vert tilsett utanom den ordinære bemanninga etter søknad til rektor. Der ein har SFO-tilbod organisert saman med barnehage, må ein sette inn ekstra bemanning til SFO-tilbodet. Personale tilsett i barnehagen utover gjeldande bemanningsnorm (og som ikkje er tilsette til barn med særskilde behov og nedsett funksjonsevne) kan nyttast til SFO-bemanning.

Alle som arbeider og oppheld seg i skulefritidsordninga skal leggje fram tilfredsstillande politiattest (opplæringslova § 10-9). Alle tilsette i SFO har teieplikt etter forvaltningslova § 13. Personalet på SFO har opplysningsplikt til sosialtenesta og barnevernstenesta etter opplæringslova §§ 15–3 og 15-4. Tilsette i skulefritidsordninga har plikt til å samarbeide med barnehagen og skulen om overgangen frå barnehage til skule/SFO, jf. opplæringslova § 13-5.

§ 12. LEIKE- OG OPPHALDSAREAL 

Areala både ute og inne, skal vere eigna for formålet. Arealet per barn inne skal vere minst 4 m2, og minst 6 gonger større ute. Areala inne og ute skal vere tilpassa dei aktivitetane som vert drivne

§ 13. ENDRING, IVERKSETTING OG KUNNGJERING

Endring av vedtektene vert vedteke av kommunestyret etter høyring slik at brukarar og tilsette får uttale seg før saka vert politisk handsama. Vedtektene trer i kraft frå det tidspunkt skuleeigar bestemmer. Vedtektene skal til ei kvar tid vere tilgjengeleg på kommunen og skulen sine nettsider, samt lovdata.