Formannskapet vedtok 29.08.2018 at kommunen skal overvake Heradsplassen. Føremålet er å hindre hærverk på Heradsplassen. Kameraovervakinga er aktiv heile døgnet. Opptak vert automatisk sletta etter 7 dagar. Det er ingen som ser på desse opptaka med mindre det er skjedd noko kriminelt som vert politianmeldt. Om det skjer lovbrot kan kommunedirektøren avgjere om materialet skal overleverast til politiet.
Behandlingsansvarleg
Gloppen kommune v/kommunedirektøren
Systemansvarleg
Vidar Kjøde, IKT-avdelinga
Kommunalt regelverk
Gå til reglar for kameraovervåking av Heradsplassen