Mangfaldserklæring for Gloppen kommune

Vedteke av kommunestyret 19. juni 2025

I tråd med «Regjeringa sin handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfold 2023-2026» skal Gloppen kommune jobbe for å fremje eit samfunn prega av respekt, likeverd og inkludering for alle, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet eller seksuell orientering. I Gloppen kommune skal vi ha eit trygt og inkluderande lokalsamfunn der alle kan vere opne om sin identitet. 

Gloppen kommune skal vere ein inkluderande og mangfaldig kommune – ein stad der alle menneske opplever respekt, tilhøyrsle og likeverd. 

Vi erkjenner at mangfald er ein styrke som bidreg til innovasjon, fellesskap og berekraftig samfunnsutvikling. Som kommune ønskjer vi å spegle det mangfaldet som finst i befolkninga – i alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, livssyn, kulturell bakgrunn, språk og livserfaring. 

Vi forpliktar oss til å

  • Fremje like moglegheiter og motarbeide all form for diskriminering og trakassering. 
  • Skape trygge og inkluderande tenester for innbyggjarar i alle livssituasjonar. 
  • Leggje til rette for mangfald i rekruttering, leiarutvikling og arbeidsmiljø i kommunen som arbeidsgjevar. 
  • Lytte til og involvere innbyggjarar med ulik bakgrunn i utviklinga av kommunen sitt tilbod og framtid. 
  • Samarbeide med frivillig sektor, næringsliv og organisasjonar for å styrkje det mangfaldige lokalsamfunnet.

Mangfald er ikkje berre eit mål – det er eit grunnleggjande prinsipp for demokrati, medmenneskelegheit og samfunnsbygging. Gloppen kommune skal vere ein føregangskommune for eit ope, rettferdig og mangfaldig samfunn. 

Gloppen kommune skal markere mangfaldsarbeidet i kommunen ved å flagge med Regnbogeflagget frå flaggstengene på Heradshuset i anledning kommunestyremøte i juni kvart år.